«Ljoset for verda» (Kristi openberringsdag)

Teksten for Kristi openberringsdag er Joh 8:12:

Atter tala Jesus til folket og sa: «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.»

Dette er ein interessant tekst, rett og slett fordi den seier mykje om Kristus — og om hans misjon.

I dag er det «2. juledag» for dei ortodokse, og dei fokuserer mykje på denne karakteristikken av Kristus. Kristus, som i fylgje Nicenum, er «ljos av ljos» er blitt kjøt (Joh 1:14), og openberrar i vekas tekst si rolle: Han er «ljoset for verda», og den som fylgjer han «skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos». Det står at vi skal «ha livsens ljos». Dette blir også belyst i Bergpreika der Kristus seier at vi er «ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!» (Matt 5:14-16)

Vi er altså kalla til ikkje berre å tru på Kristus, men også leve i Kristus. «Kva hjelper det, sysken,» spør Jakob, «om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?» (Jak 2:14) Han fortset (v. 15-26):

Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beintfram død.Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv! Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte? Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret? Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda. På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds ven». Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg? For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar..

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s