Kristendom, visdom og antiintelektualisme

Vårt Land melder at nærast 60% av dei vitenskapeleg tilsette ved norske universitet og høgskular seier at dei er einig i at «Noreg er eit samfunn med sterke innslag av antiintellektualisme». Berre 2,6 % er sterkt ueinig.

Janne Haaland Matlary, dr. philos frå UIO og professor i statsvitenskap, påpeiker at dette er problematisk, og ser ikkje noko positivt ved å vere kritisk til intelligentsiaen fordi «å dyrke dumhet er bare dumt». Med bakgrunn i dette vil eg her snakke litt om kristendommen — og søken etter visdom.

I GT blir vi, gong etter gong, oppfordra til å søkje visdom. «Lat tankeløysa fara, så skal de leva,» ropar Visdomsmøya til oss, «gå fram på den vegen vitet viser!» (Ord 9:6) Men dette ser ut til å ha gått hus forbi mange — spesielt i diskusjonsforum på Internett.

Eg blir gong på gong møtt med anklagen om at kristendommen — eller kristendummen som dei liker å kalle den — fordrar dumskap og antiintellektualisme. Spesielt liker dei å trekkje fram 1Mos 2:16f, der Gud kjem med dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»

Kva vil det sei? Betyr det at vi skal kullkaste all kunnskap, at å søkje kunnskap i seg sjølv er galt? Nei, poenget — som vi ser klarare ved å lese resten av Bibelen — er at Gud ynskjer at vi ska søke kunnskap, men gjennom Visdom.

Vi ser dette mellom anna i skapingssogas skilje mellom Livsens tre og Kunnskapens tre. Livsens tre kan også kallast Visdomens tre, som gjev liv. Visdomen blir også, i Ord 3:18 kalla «eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.» Kunnskapens tre, derimot, gjev oss berre «pure facts», men ikkje noko vegleiing til å forstå desse.

Då avsluttar eg med å sitere Paul Tillich:

Being religious means asking passionately
the question of the meaning of our existence
and being willing to receive answers,
even if the answers hurt
.

— Kjetil kringlebotten

One thought on “Kristendom, visdom og antiintelektualisme

  1. Dette bruddstykket av et dikt av T.S. Eliot passer bra til det du skrev:

    Where is the wisdom. we have lost in knowledge? Where is the knowledge. we have lost in information? —TS Eliot

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s