«Når utgangspunktet er som galest…»

For ei god tid tilbake oppfordra Morten Magelssen på Morbus Norvegicus folk om å «grille ein kristen» — i det tilfellet Torbjørn Folstad (medlem av Morbus Norvegicus) og Magelssen sjølv.

I eit av spørsmåla — gjeve av Ole-M — vart det tatt opp nokre spørsmål, som eg her vil kommentere (men ikkje direkte svare på).

David mot Goliat er også en koselig historie. Hvis det kommer noen slemme menn til nabolaget så må man kaste en stein i hodet på dem. Hvis man lykkes blir man konge. Jeg lurer på hva Jesus hadde gjort i en liknende situasjon.

Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte? Er det slik at denne Ole-M ikkje har lest bibelteksten det blir vist til? Det er ikkje utenkjeleg, mange snakkar om «det fæle i GT» utan å ha lest noko av det. Eller er dette eit forsøk på å vere «religionskritisk» ad nauseam? Eller er det kanskje berre god gammal dumskap? Eg går for ein uheldig blanding av dei to sistnemnde.

Kva er det vi les om i historia om David og Goliat? Det er ikkje snakk om at ein «slem mann» kom inn i nabolaget til David, og at han difor fekk ein stein i hovudet. Det er snakk om at eit folk — filistarane — kom for å ta Israel, det er altså snakk om strid, om krig og invasjon. Dette kan ein lese meir om i 1Sam 17:1ff.

Spørsmålet blir vel eigentleg: kvifor er det slik at enkelte skal vere så «religionskritiske» (kritisk er vel kanskje ikkje rette ord) at det fører over i dumskap? Eg blir jo ofte beskulda for å vere idiot — eg er jo kristen! — men av og til må eg få spørje andre om det same.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s