Livsens vatn — og Guds Visdom (2. søndag etter Kristi openberringsdag)

Teksten for 2. søndag etter Kristi openberringsdag er 2Mos 17:1-6:

Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. Difor tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn, så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?» Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?» Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!» Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på.

I dag, 2. søndag etter Kristi openberringsdag fortset vi med å lese om Kristus — men denne gongen med utgangspunkt i GT. Vi ser her eit folk som tyrstar, som treng vatn til seg, borna sine og feet sitt. Kor skal dei få dette frå, midt i øydemarka? Korleis går det til? Jo, Moses får beskjed frå Gud om å slå på «berget ved Horeb» og at det då skal «strøyma fram vatn, så folket får drikka».

Dette er — forutan ein historie om eit folk som overlever i øydemarka — også ein skygge fram mot det som kjem, fram mot Kristus. Det finst mange jødiske munnlege forteljingar om vandringa fram mot det lova landet. Og det er mange som meiner at Paulus har nytta seg av desse i breva sine, mellom anna i 1Kor 10:1-4:

Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, og alle åt dei den same åndelege maten og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

Berget var Kristus! La oss no sjå på eit utdrag frå andre leseteksten denne søndagen, Joh 4:5-15:

…og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka!» For disiplane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» «Herre,» sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»

Men over til overskrifta: kvifor kallar eg denne andakten for «Livsens vatn — og Guds Visdom»? Jo, fordi det er ved Guds Visdom — Kristus sjølv — vi får del i livsens vatn, og at den «blir til ei kjelde i [oss] med vatn som bryt fram og gjev evig liv». Dette kan vi også knytte til utfriinga frå Egypt. I Judas brev ser vi at det står at «Herren berga folket ut av Egypt» (Judas 5). I fotnotene til dette verset i NJB står det at enkelte gamle manuskript brukt Jesus i staden for Herren. Altså at det var Kristus som utfria dei frå Egypt. Men i Visdomens bok, kap. 10:15 står det at «Visdomen fridde eit heilag folk og ei ulasteleg slekt frå det folk som undertrykte dei.» Og visdomen vandra vidare med dei, i berget. Då avsluttar eg denne andakten med å sitere nokre tekstar om — og av — Visdomen:

Ord 9:5-6 (Visdomen pratar)
«Kom og et av min mat og
drikk av den vin eg har blanda.
Lat tankeløysa fara, så skal de leva,
gå fram på den vegen vitet viser!»
Sirak 15:3 (Om Visdomen)
Den skal gje han innsiktas brød å ete
og visdomens vatn å drikke
.

Sirak 24:21 (Visdomen pratar)
De som et meg, hungrar etter meir,
dei som drikk meg, tyrstar etter meir
.

Joh 6:35
Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den
som kjem til meg, skal ikkje svelta,
og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.»

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s