Lyser biskopar i bann

I dagens utgåve av Vårt Land kan vi lese om at Børre Knudsen lyser samlege biskopar i Den norske kyrkja i bann.

— Det kan synes som om biskopene har glemt ordet synd, og neppe forstår setningen ‘syndens lønn er døden’. I Lærenemnda har dere sluppet den gamle slange løs. Han visler i dag som i går: Har Gud virkelig sagt? Og dere har latt dere forføre som Eva, skriv Knudsen.

Her må eg spørje deg, Knudsen: veit du kva du driv på med? Kristus seier i Matt 18:18 at «alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen». I Joh 20:23 seier Han at «tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»

Sjølv har eg alltid tolke desse orda slik at dersom dette blir gjort på feil grunnlag, dersom ein mann — spesielt ein prest — set seg sjølv som dommar over andre (jmf Matt 7:1-5), og — som i dette tilfelle — dreg alle over ein kam, så vil dette slå tilbake. Vi ser det også i nattverden, der Paulus snakkar om at vi kan «ete og drikke oss sjølv til doms» (1Kor 11:27-19).

Her vil eg oppfordre deg til å trå varsomt. Biskopen her heime, Ole D. Hagesæther, har sagt at han — etter tida i lærenemnda — har blitt meir sikker i si sak omkring det (det konservative synet). Kvifor setje han i bann? Og kvifor oppføre deg som om du var Gud sjølv (og som om du faktisk har makt i Den norske kyrkja)?

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s