Kom og sjå! (3. søndag etter Kristi openberringsdag)

Teksten for 3. søndag etter Kristi openberringsdag er Joh 4:27-42:

I det same kom disiplane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han snakka med henne. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Då gjekk dei ut av byen og kom til han.I mellomtida bad disiplane han: «Rabbi, kom og et!» Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» Då sa disiplane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»

Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»

Kva fortell denne teksten oss? Jo, den fortell verdien i å sjå. Men korleis kan vi gjere det? Mirakel er det vel ikkje så mykje av i verda — eller er det kanskje slik at vi ikkje legg merke til dei?

Nei, i våre dagar meiner eg at å sjå er meir i retning det åndelege — å sjå med vårt «indre auge». Erfare Kristus i oss. «Kva hjelper det om Kristus vart fødd tusen gonger i Betlehem», spurde ein gammal kristen mystikar, «dersom han ikkje blir fødd i deg?»

Ja, kva hjelper det? Ingenting. Vi treng å sjå — men vi må huske å ikkje reduserer dette til apologetikk, at Gud og Kristus skal «bevisast» for oss. Her er det meir snakk om erfaring — erfaring av kjærleik. Den kristne filosofen Egil A. Wyller skriv mykje om dette, og tar utgangspunkt i filosofien. Han setjer opp to teser: Amor ergo es (Eg elskar — altså er Du) og Amor ergo sum (Eg blir elska, altså er eg).

Det første, trur eg, handlar om vår kjærleik til medmennesket, til «Du», eller «den Andre», som det heiter hjå filosofen Levinas. Det andre er knytt til Gud, at vi erfarer at kjærleiken må ha eit opphav, og at det opphavet er Gud, som er kjærleik.

Då avsluttar eg denne (litt korte) teksten med eit utdrag frå eit intervju med Egil A. Wyller i Vårt Land:

– Dette at jeg tenker, altså er jeg, er et uttrykk for vår tids selvopptatthet. Min motsats blir «jeg elsker, altså er Du».
I møte med en forsamling tyske ungdommer fortalte Wyller om sin fars krigsfangenskap i Tyskland og sin brors tid på Grini. Da fikk han spørsmålet hva han selv gjorde under krigen.
– Da svarte jeg naivt og ærlig at jeg var forelsket. For meg lå det en grunnforutsetningen i denne annens absolutte og uomtvistelige eksistens og at man selv er viet denne annen. I 35 år varte denne vissheten om at verden var gitt gjennom min kjærlighet.
– I møte med Kristus forsto jeg at alt dette var basert på at jeg var elsket av Ham.– Derfor ble min annen setning «jeg elskes – av Kristus –, altså er jeg».
Den unge gymnasiasten hadde tilhold på et småbruk i Ryfylke da han forelsket seg i en jente fra Stavanger. Mens intervjuet går mot slutten, sitter hun og venter på ham på Halvorsens Konditori.
Under en fotomotivert forflytning til Urbygningens søyler ser han sitt snitt til å trekke frem et billedkort fra innerlommen. Han vil gjøre journalisten oppmerksom på at hans sønn billedhuggeren har en statue utstilt ytterst på Aker Brygge, og holder frem en vakker avbildning av fru Wyller.

For avismennesker er det utmerket at 20 bind kan oppsummeres i to forståelige setninger: «Jeg elsker, altså er Du» og «jeg elskes, altså er jeg». Enda bedre er det når veien til visdom kan berettes som en kjærlighetshistorie.

— Kjetil Kringlebotten

5 comments on “Kom og sjå! (3. søndag etter Kristi openberringsdag)

  1. Miriam says:

    Bare litt pirk: Det må vel helst hete “Am o ergo es” for “Jeg elsker, altså er Du”? Amor er jo passivformen av verbet i 1. pers. sg., altså “jeg blir elsket”, slik som det står i den neste tesen.

  2. Det gjer det sikkert. Eg kan ikkje latin, eg berre kopierte det frå ein artikkel om Wyllers skriftserie.

    mvh

  3. Anonymous says:

    Hei Kjetil.

    Legg utpå mailen din så jeg kan sende deg en.

    Takk

  4. E-posten ligg no til høgre i margen (dersom du er i framsida av bloggen), under “Epistula Electronica”.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s