Kristen gudstru og det flygande spagettimonstret

I det siste har eg — på internett — deltatt i nokre diskusjonar om gudstru. I ein av desse diskusjonane vart det spurt om kva som er forskjellen mellom den kristne gudstrua og trua på det flygande spagettimonsteret (FSM). Er det noko forskjell mellom desse to? Ja, det er det — ein stor forskjell. Og det skal eg no sjå på.

For det fyrste må ein sjå på opphavet til desse. Kva er kristendommens opphav? Jo, den har sitt opphav i jødedommen, som ein kan lese om i Det gamle testamentet og i jødiske skrifter. Ein kan sjølvsagt seie at dette berre er fantasi, men det er heller ikkje det som er poenget.

Poenget er at dei kristne meiner at det dei trur på er sanninga, medan Bobby Henderson — skaparen av FSM — og hans tilhengarar ikkje trur det. Dei driv med satire, og det er ikkje poenget at vi skal ta dei alvorleg.

Men det er meir: i ei postmoderne tid har det blitt meir og meir vanleg å snakke om at det ikkje finst objektive sanningar — noko kristendommen påstår den har. Dette er urasjonelt; det kan berre finnast éi sanning om ei sak, ikkje fleire. Det er elementært, som det heiter i ein Sherlock Holmes-film.

Poenget er at FSM-fenomenet er eit uttrykk for den urasjonelle postmodernismen som ser ut til å blir større i samfunnet. Det ironiske — som Henderson og co sikkert forstår, men som mange av deira tilhengarar ikkje gjer — er at dette er like uvitskapleg som dei mest inbitte delane av kreasjonismen.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s