Å tene Gud (Vingårdsøndagen)

Teksten for Vingårdssøndagen er Luk 17:7-10:

Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’ Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’ Takkar han tenaren for at han gjorde det han var pålagd? På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi skulle.’

Denne teksten kan verke svært hard — skal vi berre vere Guds tenarar, berre arbeide for han, og vere underkua? Nei, det er langt frå poenget i denne likninga. Det fyrste vi må tenke på, er dette: Kven er Gud? Og kven er vi?

Gud er vår Skapar og Herre, den manne som er verdig vår tilbeding og vår teneste. Og vi er dei skapte, skapt av kjærleik, der vi har fått våre liv — ja, heile verda — som ei gåve frå Gud, ei gåve som vi skal forvalte på best mogeleg måte.

Kristus samanlikner Gud her med ein herre som har tenarar, men det er eit poeng som kanskje ikkje kjem direkte fram i denne teksten, men som ligg implisitt I Kristi ord, i hans liv og virke; nemleg at Gud er kjærleik. Han er ikkje ein tyrann som behandlar sine tenarar som støv, nei, han er den gode herren som gjev alle det dei treng, og like mykje til alle, sjølv om det verkar rart på dei andre som har vore hans tenarar lengre.

Å vere Guds tenar skal ikkje vere eit ork, men eit liv i kjærleik, ikkje berre til Herren, men til alle andre, og til heile skaparverket. Gjennom denne kjærleiken skal vi forvalte denne gåva frå Gud, og på den måten — gjennom vårt forhold til skaparverket og vore medmenneske — tene Gud audmjukt. For, som Kristus seier, då har vi jo berre gjort «det vi skulle».

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s