Eit smått tvilande forsvar av filioque

Edit: 19. juli 2006 (brothe linkar)

På eit diskusjonsforum på nettet gjekk det fo ei tid tilbake ein diskusjon om filioque. Spørsmålet frå trådstartaren er som fylgjer:

From my point of view it makes sense for the wording to say that the Holy Spirit proceeds from the Father AND the Son. I think this for two reasons;

1. It is in line with how I understand the trinity as three persons in one,in some way equal and indivisible.To think of the Holy Spirit proceeding from only the Father means that the trinity does not posess those characteristics – it makes it too complicated for me to understand (this doesn’t mean its not right though.)
2. I am convinced by the arguement, put forward by the Roman Catholic Church that there is sufficient instances in scripture refering to the Holy Spirit as being the “spirit of Christ” or something similar to add weight to the arguments that this what the Apostles would have thought.

I am interested in what conclusions other people have on this matter (if any) and the reasons for their conclusions, other than just “its what my Church believes”.

This is not intended to an East v West battle or an arguement about whether historically the filioque was added or removed sometime after the Council of Nicea!

Thoughts?

Det fyrste svaret er totalt knytt til ekklesiologi. Det er skrive av ein ortodoks, og lyder så:

The Nicene Creed was an ecumenical council. Therefore, according to the Eastern understanding of authority within the Church, it could only be altered by another ecumenical council. According to the Western understanding of authority within the Church, it could be altered by, or with the consent of, the Patriarch of Rome.Whether the filioque is valid, then, depends on whose ecclesiology is correct. If the Pope could legitimately authorize the change, then we Orthodox are in schism, need to repent, and need to catch up on all the stuff we’ve missed over the last thousand years or so. If only another ecumenical council could authorize the change, then the Catholics are in schism, they need to repent, etc.

Ho får svar på tiltale frå ein av forumets katolikkar, IngoB, som forklarer at ekklesiologien ikkje har noko med saka å gjere, men om det er sant:

As for the filioque itself, its “validity” has utterly nothing to do with ecclesiology. Rather, the filioque’s “liceity” is decided by that. Depending on who got the ecclesiology right, it was either “licit” or not to add the filioque to the creed. But whether it is “valid” simply depends on whether it is a Divine Truth.

And so the important question here is not at all whether the pope was allowed to add this or not. The important question is whether it is trueFor let’s say the filioque is true, but it was not licit for the pope to add it to the creed. What then? Well, clearly it would be in both sides’ best interest to rapidly find ways to make the addition licit – who would want to deny such an important doctrine if it is true? But what if the filioque is wrong, but it was licit for the pope to add it to the creed (licit only in the sense that he indeed has on his own the ecclesiastical power to change the creed)? Clearly it would be in the best interest of both sides to remove such an important error as quickly as possible.

Og inspirert av han skal eg sjå litt på dette. Kvifor seier folk at filioque er ubibelsk/kjettersk, og kvifor seier folk det ikkje er det, men er ei bibelsk sanning? Argumenta til motstandarane har som oftast utgangspunkt i Joh 1:26:

Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg.

Ja, til no høyrest det klart ut som Dei ortodokse kyrkja har rett. Men dersom vi ser nokre kapittel lenger fram, til Joh 20:22, der Kristus seier:

Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!»

Dette kan sikkert forklarast med at Kristus sende dei Anden i Faderens stad, men det er ein ting som gjer at eg går for den katolske/lutherske forklaringa. I Den ortodokse kyrkja har ein — så vidt eg veit (correct me if i’m wrong) — eit skilje mellom «indretrinitarisk utgåing» (nytt ord frå meg ;)), og ytre sending. Dette handlar vel også om den immanente og den økonomiske treeining.

Den immanente treeininga er beskrivinga av Guds vesen og eigenskapar slik Skrifta vitnar om det. Dette er statisk, uavhengig av historia («Gud er Gud om alle mann var døde…»). Den økonomiske treeininga handlar om handlingane i historia, det seg vere skapinga, inkarnasjonen, frelse, våre opplevingar med Gud, etc. Det store spørsmålet blir vel: kor går grensa?

Er det ikkje slik at det er nettopp gjennom openberring i historia vi har lært Gud å kjenne? Er det ikkje difor vi har lært oss at Han er treeinig? Og då er spørsmålet: Kristu sending av Heilaganden — er det snakk om ei sak for den immanente eller den økonomiske treeininga? Sjølv er eg usikker, men eg går likevel for filioque, og dersom eg tek feil, så håper eg at Gud «ser gjennom fingrane» på det.

— Kjetil Kringlebotten

2 comments on “Eit smått tvilande forsvar av filioque

  1. I den nemnte diskusjonen skriv IngoB litt vidare om det eg skriv om:

    What can we say about the Trinity which is not based on what is revealed through the economy? Basically nothing! Jesus never gave a lecture on the Trinity in eternity. All we have here then is the Orthodox picking and choosing which parts of scripture they wish to abstract to eternity, and which ones not.

    mvh

  2. Ved det sjuande økumeniske konsilet Sa Hl. Tarasios, Patriarken i Konstaninopel, nokre ord om Heilaganden:

    –sitat–
    to Pneuma to agion, to kurion kai zoopoion, to ek tou Patros dia tou Huiou ekporeuomenon

    … den Heilage Anden, Herre og livgjevar, som utgår frå Faderen, gjennom Sonen.

    Kjelde, omsett til norsk

    Tarasius snakka her om eit indretrinitarisk forhold, om den imanente Treeinga. Kan nokon forklare kva forskjellen mellom «og Sonen» og «gjennom Sonen» er? Husk, det er snakk om det indretrinitariske — det immanente — ikkje det økonomiske.

    mvh
    –sitat slutt–

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s