Såmannssøndagen

Teksten for Såmannssøndagen er Mark 4:26-32:

Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt, og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.» Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at t fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

I fjorårets tekstrekkje var det forteljinga om sjølve såkornet som Guds ord som var tema for Såmannssøndagen. I år er det sennepsfrøet — eit bilete på Guds rike — som står i fokus.

Har de nokon gong sett eit sennepsfrø? Det har eg, og det er langt frå stort. Dette bruker altså Kristus som eit bilete på Guds rike. Kvifor det, eigentleg? Jo, det er nok mange grunnar til det, og eg — tradisjonen tru — skal prøve å sjå litt på sida av det «vanlege».

«Når det [sennepsfrøet] blir sådd,» seier Kristus, «er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at t fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.» Eg trur at dette [mellom anna ]handlar om det kristne idealet å vere audmjuk, vere ein tenar for andre. Ein kan kanskje seie at Kristus var lite som eit «sennepsfrø». Han «gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.» (Fil 2:7) Han gjorde seg liten, men vart «opphøgt […] til det høgste» (Fil 2:9).

Og dette skal også vere eit ideal for oss. Vi — som er Guds rike, fordi det er «inni/midt iblant oss» (Luk 17:21) — skal vere små, men vi skal veksa. Då avsluttar eg med ei oppfordring frå Peter, 2Pet 1:5-7:

Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.

— Kjetil Kringlebotten

One comment on “Såmannssøndagen

  1. norbag says:

    Her tar bibelens forfattere feil igjen,som vanlig.
    Sennepsfrøet er ikke og har aldri vært det minste frøet.
    De minste frøene er orkidefrø fra tropisk regnskog,
    Men det visste jo ikke “gud” og bibeldikterne,alt de kjente til var sandynene i midtøsten. Er ikke det merkelig? At en allvitende og allmektig gud ikke visste at han hadde skapt orkidefrøene?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s