Kristi forklåringsdag

Teksten for Kristi forklåringsdag er Joh 17:1-8:

Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa: «Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.

Kristi forklåringsdag er den dagen der ein skal få sjå kven Kristus er. Den teksten som er «vanlegast» i slik samanheng — den som ein kallar Kristi forklåring — finn ein mellom anna i Matt 17:1, der det står at Kristus — i følgje Tradisjonen, på Tabors fjell — vart forklåra for Peter, Jakob og Johannes. Det står at Han vart «forvandla for auga deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.»

Dette er ikkje «småtterier», og dagens lesetekst frå GT (2Mos 3:1-6) set eit «ekstra guddommeleg preg» på det heile. Det er historia om Moses og den brennande buska. Og nettopp her møtte Moses Gud. Ikkje på same måte som ein møter Gud i Kristus, men ein smakebit.

Men dette er ikkje det mest interessante med denne dagen. Det som eg synst er interessant, er at den herlegdomen som Kristus prata om — og som vi, gjennom kommunion med Han, og dermed med Den treeinige Gud, kan ta del i — faktisk synte seg på krossen. Det som verka som eit tapt og eit nederlag, og ikkje mist ei stor skam viste seg å vere eit vinn, ein siger — og ein stor herlegdom. Og ikkje minst — kulminasjonen av vår frelse.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

One comment on “Kristi forklåringsdag

  1. Arne Berge says:

    Flott innlegg om ein spennande dag i kyrkjeåret! Helsing Arne

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s