Bli lys…?

I kveld var eg på ein paneldebatt arrangert av Bergen Religionskritiske Studentforeining i samarbeid med Bergen Realistforening. Tittelen på debatten var Bli Lys? Verda… Livet… Mennesket… Korleis har alt blitt til?, handla om evolusjon, kreasjonisme, big bang, og litt attåt. Panelet bestod av Bernt Th. Walther, professor ved Molekylærbiologisk institutt, UIB, Knut-Willy Sæther, Cand. Philol. frå Norsk Lærarakademi, dr. art. frå NTNU, og rektor ved Danielsen Intensivgymnas, og Jan Haugland, Cand. Philol. i Religionshistorie frå UiB. og mannen bak bloggen Secular Blasphemy.

Det var mange interessante innspel i debatten, både frå panelet og frå publikum. Men det var ein ting som for meg verka litt rar. Knut-Willy Sæther snakka mykje om at det ikkje var noko problem å vere både kristen og vitskapsmann, men han vart ofte motarbeidd av dei to andre i panelet — spesielt Haugland. Sistnemnde såg ut til å meine at ei tru på ein Gud tvinga fram ein «God of the gaps»-religion, men det erjo berre tull dersom vi skal sjå på kristendommen.

Men det kom litt konstruktiv kritikk av «vitskapismen» frå alle i panelet, spesielt retta mot Dawkins. Då vil eg berre avslutte her med å linke til den nyaste artikkelen på Morbus Norvegicus.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s