Å dø frå seg sjølv — å leve i Kristus (Søndag før faste)

Teksten for søndag før faste er Joh 12:24-33:

Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»

Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld. No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.

«Tradisjonen» tru skal eg ikkje skrive slik dei fleste andre gjer, men heller ta for meg nokre andre perspektiv. Og det eg skal ta for meg, er tradisjonen rundt alkymien i middelalderen. Alkymien — som ein finn både i kristenom, jødedom, islam, hjå folk som enno ikkje har oppdaga at gull er eit grunnstoff, etc. — handlar, i følgje ordboka, i korte trekk om gullmakarkunst. Litt meir spesifikt så handlar det om ein — gjennom rette kombinasjonar av dei fire elementa — skal kunne lutre metall til gull. For «dei gamle grekarane» — mellom anna Galenos, Aristoteles, etc. — var alt satt saman av desse (sjå her, her og her). I denne prosessen var det sju fasar, der tre stykk «stikk seg ut» — den svarte, den kvite og den raude.

Men kva er eigentleg alkymien? Er det berre folk som liker gull (og som ikkje veit at gull er eit grunnstoff) som er alkymistar? Nei, og eg bruker heller ikkje ordet «alkymi» om dei. Men no, kva er dette eigentleg? Det fanst sjølvsagt svindlarar og kvakksalvarar innan alkymien — dettte finn ein jo dei fleste stader (også i «vanlege» kristne samanhengar). Alkymien var ein prosess der ein skulle lage gull av metall. Dette veit vi no er umogeleg, då gull er ein grunnsoff. Men ein tok i bruk dei bilete ein hadde der, og snakka om heilaggjeringa.

Men kvifor nytta kristne teologar og forfattarar seg av alkymiske bilete? Dette svarer Martin Lings — ein student og ven av C. S. Lewis — på i ei bok om mystisisme og alkymi i skodespela til Shakespeare:

Symbolism is not arbitrary, but is based on the very nature of things, on the make-up of the universe. According to all cosmological and metaphysical doctrines, whether Eastern or Western, earthly phenomena are nothing other than the shadows or reflections of spiritual realities. The symbolism of a thing is its power to recall its higher reality, in the same way that a reflection or shadow can give us a fleeting glimpse of the object that casts it; and the best symbols—the only ones worthy to be used in sacred art—are those things which are most perfect of their kind, for they are the clearest reflections, the sharpest shadows, of the higher reality which is their archetype.Lings, Martin, Secret of Shakespeare. Aquarian Press, 1984, sitert frå denne artikkelen av John Granger.

I tradisjonen rundt dei «store klassikarane» i engelsk litteratur — og i mange andre kristne grupperingar — tok ein i bruk dei bilete ein fann i alkymien. Ein ser det mellom anna hjå William Shakespeare, John Milton, John Donne, William Blake, James Joyce, C.S. Lewis, etc. Grunnen til dette var — som Martin Lings påpeiker — at alkymien hadde «dei beste symbola» og den «klaraste refleksjonen… av den høgare realiteten». Dette var — som eg allereie har påpeika — ein sjutrinnsprosess, men der tre stykk stakk seg ut — den svarte, kvite og raude.

Dei tre hovudfasane i alkymien

John Granger skriv om dei tre hovufasane:

[Though] the Great Work of alchemy is a seven step process largely about the rotation and resolution of the contrary qualities of the four elements, it is frequently described as a three phase work, each of which phase is assigned a color (think beginningmiddleend spread out over seven turnings of a wheel). The first stage is the nigredo or “black” phase in which the leaden material or “lead character” is loosed of all his formal characteristics and reduced by fire into prime matter or his essence. The second stage is the albedo or “white” phase in which the prime matter recongeals from the shattering and burning and is purified by washings (ablutions) for perfection. The third and last stage is the rubedo or “red” phase in which the philosopher’s stone, blood red, emerges from within the white stone accomplished in the albedo and the work is completed.

Den fyrste/svarte fasen:
Når «metallet» vart senka ned i væska (livseliksiren), var det ein svart fase der ein skulle reinse metallet for alt det uedle. Dette brukte ein om reinsinga av menneskesjela for alt det vonde, gjennom heilaggjeringa, eller «kross og trengsle». Denne fasen er kalla «nigredo», av lat. svart.

Lyndy Abraham skriv i sitt oppslagsverk av alkymiske bilete at alkymistane:

…believed that in order for a metal to be transmuted it first had to be ‘killed’ or dissolved into its prima materia, the original stuff of creation, and cleansed of its impurities. (s. 1)

Denne prosessen kan ein samanlikne med dåpen. Paulus skriv:

Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.

Vi vert gravlagde med Kristus — og reinsa i dåpen. Dette beror nok også på kva dåpssyn ein har, om det er i den katolske/ortodokse (og til ei viss grad, lutherske) tradisjonen eller om ein har eit baptistisk dåpssyn, der dåpen berre har «symbolsk verdi». Sjølv tar eg for meg den fyrstnemnde, der vi kan seie at vi blir «drepne», reinsa, og oppreist igjen som «prima materia» — Adam, slik Gud skapte han.

Kristne alkymistar siterte også ofte Kristi ord i Joh 12:24, der Han sa at; «fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.» Vi kan også seie at Kristus frivillig tok på seg konsekvensene av synda, «drap» sin menneskelege natur, vart omskapt til «prima materia», og reinsa menneskenaturen for det uedle. Dette er ein prosess som ikkje kan gjerast utan Gud.

Den andre/kvite fasen:
I denne fasen har vi komme til der det uedle er vaska bort/blir vaska bort. Ein kan seie at fasen mellom anna er eit bilete på eit menneske som har byrja og gje slepp på egoismen. Denne fasen er kalla «albedo».

Vi snakkar her om reinsinga/vaskinga (eng: ablution) av «prima materia». I følgje Lyndy Abraham sitt oppslagsverk om oppslagsverk av alkymiske bilete så er denne fasen:

…the stage in the circulation of the matter of the philosopher’s stone in the alembic when the blackness of the nigredo is washed and purified into the whiteness of the albedo. (S. 1)

Den tredje/raude fasen:
I denne delen — «rubedo» (rød) — ser vi at dei vises sin stein (som er rød) kjem ut av den kvite steinen, ut frå det reinsa metallet. Då kan ein skape gull og få livseliksiren. Og den får vi — gjennom Kristi blod i Eukaristien, klart forankra i Hans død og oppstode. Då avsluttar eg med det siste ordet frå Kristus i søndagsteksten, Joh 12:32:

Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s