Kristendommen og buddhismen

For ei tid tilbake kom eg over boka Jesus og Buddha: Parallelle uttalelser fra kristen og buddhistisk tradisjon av Kåre A. Lie. Den er god lesing (dersom du er ute etter ei sitatbok), og den tok opp nokre likskapar mellom kristendom og buddhisme (sjølv om enkelte var litt søkte).

Men det er ein ting som slike bøker ofte ser ut til å gløyme, nemleg at det er det verdsbilete ein har som må settast «fyrst» — ein kristen må tolke alt opp mot det.

Dersom vi skal gå innpå buddhismen, så kan eg seie at kristendommen har mykje til felles med den, i og med at kenosis-teologien — at ein skal «tømme seg sjølv» (legge av seg sin herlegdom utan å endre på sin natur) — er noko ein kan finne enkelte paralellar til i bodhisatva-buddhismen. Dette er vel eigentleg berre ytre trekk.

Enkelte andre ting kan vere at Kristi lære kan minne litt om buddismen, i og med at Kristus brukte visdomsord som kan minne om Buddhas ord — sjølv om han hadde mykje meir til felles med dei jødiske rabbinarane.

Den store forskjellen, derimot, som også gjer at buddhismen og kristendommen ikkje er like, er verdssynet. For ein buddhist er verda, og spesielt smerte, ein llusjon — og dette skal ein fornekte. For oss kristne er dette reelt, ja faktisk er det skapte så verdifullt at Gud valte å bli menneske.

Kristendommens store nyhet er ikkje at mennesket kan bli åndeleg — det hadde ein visst lenge — men at Gud vart materiell. «Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud», skriv Johannes (1Joh 4:2).

Kyrkjas sakramentale liv, som er meiningslas innan eit buddhistisk syn, er ein logisk konsekvens av inkarnasjonen. Når Gud blir menneske, blir materie, gjennom Jesus, må vi omgås han på kroppslege måtar og med materielle middel. Sakramentas symbol er ikkje berre teikn på ei djupare røynd. Dei ber denne røynda i seg. Og dette, min gode mann, gjer at kristendommen og buddhismen aldri kan foreinast.

— Kjetil Kringlebotten

4 comments on “Kristendommen og buddhismen

  1. Kurt Johansen says:

    Hei!

    “For ein buddhist er verda, og spesielt smerte, ein llusjon — og dette skal ein fornekte.”

    Man skal ikke fornekte noe..Men i høyeste grad erkjenne. og se illusjonene BAK mange fenomen som skaper smerte i våre liv.

    Desverre rår det en del missforståelser spesiellt blandt kristne om hva Buddhisme egentlig er for noe. Typisk svar fra en kristen på spm om hva buddhas lære går ut på er: “allt er en illusjon”. Feilen man gjør er å trekke en setning ut av en dypere sammenheng. Man har egentlig aldri forstått hva dette egentlig betyr.

    Jeg vil anbefalle å lese Wikipedias artikkel om Buddhisme her:
    http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme

    Her finner man en ryddig og oversiktlig innføring🙂

  2. Kurt Johansen;
    “Man skal ikke fornekte noe..Men i høyeste grad erkjenne. og se illusjonene BAK mange fenomen som skaper smerte i våre liv.”

    Dette betyr når alt kjem til alt at ein fornektar det materielle; det som skapar liding vert berre illusjonar. Men dei er ikkje illusjonar — det er reelt, handgripleg, konkret. Då er kristendommen meir reell: i staden for at ein ‘ser bakom lidinga’ — ser illusjonane bak det som skapar smerte — tek ein tak i lidinga og gjev den ny meining.

  3. Sillo says:

    Men en ting lurer jeg på. Hva er likt mellom Buddhismen og Kristendomen?

  4. Det som er likt er nok det meir overflatiske, og primært det etiske, vil eg tru. Religiøst er dei diametralt forskjellige: for ein kristen er Gud heilt sentralt og ein kan ikkje vere kristen utan gudstru; for ein buddhist vert det meir kva ein sjølv ynskjer, og ein kan godt vere buddhist og ateist.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s