Dan Brown skal i retten

Aftenposten melder at Dan Brown no skal i retten for å ha stelt innhaldet i suksessromanen Da Vinci-koden. Formelt sett er det Random House, Browns forlag, som er saksøkt av Michael Baigent og Richard Leigh, to av forfattarane bak boka Hellig blod, hellig gral, fordi Brown skal ha kopiert «heile innhaldet» i boka.

— Boka er basert på vårt arbeid, og Brown nemner det ikkje eingong. Vi snakkar her om eit intellektuelt tjuveri, sa Michael Baigent, ein av forfattarane, før rettssaka.

Spørsmålet ein her må stille seg er dette: er det copyright på forskning? Nei, det er det ikkje, og i dagens Vårt Land (papirutgåva, s. 18-19) tar Olav Torvund, jussprofessor og ekspert på opphavsrett, opp akkurat dette:

— Dersom saksøkjarane påstår at boka deira er sann, har dei ingen opphavsrett.

Han antyder vidare at kunnskap ikkje har noko rettsvern, og at dei sjølv må ha skrive eit fiktivt verk for at dei skal kunna ha noko sak.

— Viss retten kjem fram til at Hellig blod, hellig gral er fiksjon, kan Brown bli dømt for å ha stole forteljinga, seier han.

Ja, då for vi sjå då, om Baigent og Leigh ein gong for alle kan innrømme det faktum at Hellig blod, hellig gral (og dermed også Da Vinci-koden) er eit historisk falsum.

Oppdatering: Artikkelen i Vårt Land er no lagt ut på nettet.

— Kjetil Kringlebtten

This entry was posted in Ymse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s