Frelse, heilagdom og integritet

Eg blir ofte møtt med spørsmål om helvete, og standarden er noko slikt som dette; «Kvifor er det slik at folk som lever eit godt liv, men ikkje er kristne, skal gå i fortapinga?» Eg kan umogeleg gje noko fullgodt svar på eit slikt spørsmål, eg er ikkje Gud, men eg kan prøve.

Eg trur at det å leve eit heilagt liv ikkje nødvendigvis handlar om å tru på eit sett med sanningar, det handlar om liv. Mange nemner Gandhi, som ikkje var kristen, og Hitler som var medlem av Kyrkja. Men her trur eg at Gandhi har fordelane. Han haldt på sin integritet, i truskap og kjærleik til folk rundt seg. Hitler ofra sin integritet, og lèt sitt hat styre sine gjerningar. Er det ikkje slik at liv og lære skal stå i forhold til kvarandre? Spør ikkje Jakob om nettopp dette i sitt brev? «Kva hjelper det, sysken,» spør han, «om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?» (Jak 2:14) Ola Tjørhom skriv:

Kristen tro består ikke i å slutte seg til et sett med meninger. Kristen tro er først og fremst liv… (…)Som ganske mange kristne her til lands vokste også jeg opp med en forestilling om at det avgjørende er å ha Jesus i hjertet. Denne forestillingen ble ofte kombinert med en såkalt lønnkammerreligiøsitet, hvor personlig bibellesning og bønn utgjorde de sentrale bærebjelkene. Jeg vil i og for seg ikke bestride denne tankegangen – selvsagt er det viktig å ha Jesus i hjertet. Samtidig må jeg innrømme at den fungerte stadig dårligere for meg i praksis. Ikke nødvendigvis fordi det var noe galt med den. Men fordi den etter hvert ikke lot seg intgrere i det livet jeg faktisk levde. Og en fromhet som knapt kan leves ut, må sies å ha begrenset verdi.

Tjørhom, Ola, Smak av himmel, lukt av jord. Materialistisk spiritualitet, s. 7.9

Dette er særst viktig. Eg meiner kristendommens krondogmer, Inkarnasjonen og Treeininga, speler seg ut i heile kristenlivet. Det kristne livet skal vere ei «treeining» av tru, håp og kjærleik, og i dette ser eg både det kjenslemessige (å ha trua i hjarta), det intellektuelle (å ha trua i hovudet) og det åndelege (å ha trua i ånden). Les det som står i Matt 22:34-37:

Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde målbunde saddukearane, kom dei saman.Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde: «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit….»

Og med det avslutter eg med ei oppfordring til å grunne litt over desse bibelversa, og sjå dei i samanheng med det å halde på sin integritet, leve i truskap og kjærleik til Skaparen og dine medskapningar (slå gjerne opp versa GT-versa i den jødiske JPS-omsetjinga:

Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa: «Eg er Gud Den Allmektige. Lev for mitt åsyn, ver heil i di ferd! (1Mos 17:1)Gjev akt på den som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid for fredsæl mann. (Sal 37:37)

Sæl er den som er heil i si ferd og fylgjer Herrens lov. Sæle er dei som held hans lovbod og søkjer han av heile sitt hjarta, dei som ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar. (Sal 119:1-3)

Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen. (Matt 5:48)

Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! (Fil 2:5)

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s