Freisting og frelse (1. søndag i faste)

Teksten for 1. søndag i faste er Matt 16:21-23:

Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for disiplane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Eg må innrømme at eg er usikker på kva eg skal skrive om akkurat denne teksten. Eg har ikkje tenkt å skrive om «ordet om krossen», men kva med å ta ein god gammal analyse?

Det står at «frå den tid tok Jesus til å…». Kva er «den tid»? Jo, det er frå tida rundt Peters vedkjenning, og nettopp den er viktig her. I den katolske bloggen Disputations vart det diskutert kva som eigentleg er hovudmeininga bak Matt 16:13ff:

The disciples are here taught three lessons: that Jesus is the Messiah; that the Messiah must suffer; and that those who would follow the Messiah must suffer likewise.Only after His disciples confess that He is the Messiah does Jesus begins to teach them that the Messiah must suffer and die. Led by Peter, the disciples first learn who Jesus is (more or less), and only then does He go on to say what that truly implies. That He must teach them step by step is vividly illustrated by Peter’s reaction to Lesson Two.

In this passage, Lesson Three follows hard on Jesus’ grading of Peter’s comprehension of Lesson Two. Note the repetition of “must” in these lessons: “that he must go to Jerusalem and suffer greatly,” “Whoever wishes to come after me must deny himself.” To be a student is to imitate the master. Perhaps that thought added a little extra to Peter’s emphatic, “God forbid, Lord!”

Kjernen i vekas søndagstekst ligg nettopp i Kristi svar til Peter: «Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.» Og det er Guds vilje at Messias skulle lide, ikkje for lidingas skuld, men for at Han på den måten kunne ta del i våre kår, vere «Guds lam, som ber verdsens synd». Og difor reagerer Han så hardt mot Peter. Du ser det same i freistinga i øydemarka: Satan prøvde å få Kristus til å gå den lette vegen; frå krona, men sleppe krossen. Men Kristus stod imot dette, slik at frelsa kunne fullendast, slik at vi kunne omskapast i Guds bilete.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s