Maria — Guds mor?

I ein diskusjon om bruken av uttrykket TheotokosGud-fødar — fekk eg nokre spørsmål: 1) Kor kjem dette uttrykket frå? Og 2) Er det viktig — og bør vi bruke det? Eg skal no prøve å svare på desse spørsmåla:

1) Uttrykkets opphav

Vi finn nokre uklare referansar i NT, mellom anna blir Maria kalla «mor til Herren» i Luk 1:43. Men den klaraste historiske referansen har vi i den nestorianske strida. Utrykket «Guds mor» er som kjent den vanlegaste omsetjinga (meiningsomsetjinga) av det greske uttrykket Theotokos; Gud-fødar («theo», Gud; «tokos», fødar). Uttrykket har vore standard i ortodoks kristendom (eg snakkar her ikkje om Den ortodokse kyrkja) sidan år 431, ved konsilet i Efesus.

Bakgrunnen var at den syriske munken Nestorius, som i år 428 vart patriark av Konstantinopel, skilde Kristi guddom og Kristi manndom på ein slik måte at personens eining gjekk tapt. Han forkasta uttrykket Theotokos, men aksepterte Christotokos, (Kristus-fødar), fordi han sa at Maria berre var mor til Kristi menneskelege natur. Dette skapte ein del bråk i Kyrkja, og enda opp med at læra (nestorianismen) vart fordømt i 431, og at Nestorius vart avsett.

Det denne læra misforstod var at natur [det ein «ting» er] ikkje eksisterer åleine; den er alltid «manifistert» i ein (eller fleire) person(ar) [kven ein «ting» er]. Menneskenaturen eksisterer ikkje uavhengig av personen. Det er alltid personar som blir fødd, personar som har kjensler, etc. Mor og far min fekk personen Kjetil, ikkje naturen Kjetil (den endrar seg jo ikkje frå person til person). Fordi foreldra mine er menneske, fekk eg også menneskeleg natur.

Når vi ser på Kristus, så slår den ortodokse trua fast at Kristus er sann Gud og sant menneske. Den kalkedonske truvedkjenninga (451) slår i siste delen fast at vi vedkjenner:

…den eine og same Kristus, Son, Herre, einboren som erkjennast i to naturar, utan samanblanding og uendra, uoppdelt og utan fråskiljing. Naturens forskjell blir ikkje oppheva ved foreininga, men kvar natur blir bevart i sin eigenart, og begge går saman til ein person og éin hypostase, ikkje delt eller kløyva i to personar…

Skard, Bjarne, Inkarnasjonen. En dogmehistorisk fremstilling. Pensumtjeneste 1997, s. 99, omsett til nynorsk (ISBN:8213010175)

Vi seier altså at Den andre personen i Guddomen vart menneske (Joh 1:14), i Maria. Den guddomlege personen knytte seg til ein menneskeleg natur, og difor var denne eine personen i den unike situasjonen at Han hadde både guddomleg og menneskeleg natur. Ein kan ikkje separere Kristi to naturar, og det er gjennom denne unike unionen at mennesket kan bli frelst.

2) Er Theotokos-uttrykket viktig — og bør vi bruke det?

Så, uttrykket Theotokos er viktig, og det handlar ikkje om Maria, eller ei opphøgjing av henne, men om Kristus. Dersom ein forkastar uttrykket Theotokos, eller det konseptet, så nekter ein også for at Gud har blitt menneske, at Ordet har blitt kjøt.

Vi bør absolutt bruke det, då dette klart fangar inn paradokset i Kristus, at Han er sann Gud og sant menneske, og at vi — gjennom denne unionen — kan bli Guds barn.

— Kjetil Kringlebotten

One comment on “Maria — Guds mor?

  1. […] [2] For ei innføring i dette, les denne posten og denne posten. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s