Kamp mellom religionar? (2. søndag i faste)

Eg må innrømme å ikkje sjå ein einaste samanheng mellom denne vekas tekstar. Hovudteksten er i dag henta frå 1. Kongebok 18:21-26.36-39, og lyder så:

Då steig Elia fram for alt folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Ba’al Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord. Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men Ba’al-profetane er fire hundre og femti mann. Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, lema han sund og leggja han på veden; men dei må ikkje kveikja eld på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld. Så kan de kalla på guden dykkar, og eg vil kalla på Herren. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Ja, lat det vera så!» Då sa Elia til Ba’al-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til fyrst, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!» Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og ropa på Ba’al frå morgon til middag. «Svar oss, Ba’al!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka dei kring altaret dei hadde reist.Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette! Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!» Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita. Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»

Dei andre tekstane finn du her og her.

Kva kan denne teksten fortelje oss? Vel, eg meiner at den fotel oss at vi skal kjempe mot det vonde, la sanninga vinne fram. Men eg trur ikkje at vi skal gjere akkurat det Elia gjer, spesielt ikkje det som står i v. 40:

Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

Men kven var denne Ba’al/Baal? I artikkelen om vekas søndagstekst i Vårt Land, 10. mars (papirutgåva, s. 24) står det at han «var ein kananeisk frukbarheitsgud som vart dyrka i det gamle Israel». Arild Romarheim, fyrsteamuneensis ved MF, og forfattar av ei rekke artiklar og bøker om new age, mellom anna Kristus i Vannmannens tegn, påpeiker (i Vårt Land) at Baal ikkje var ein sterk gud, men at «han» (det var mange smågudar) var i ein lang kosmisk kamp mellom mange smågudar. Romarheim påpeiker at han har eit ambivalent forhold til teksten, og seier at den har både eit verdifullt og eit avleggs bodskap:

— Det finst ein teokratisk tankegang der, om den politiske profet som massakrerer motstandarane sine etter å ha vunne ein åndeleg seier. Dette er rett nok luka ut frå kyrkjeteksten. På den andre sida ligg det noko verdifullt, kristeleg sett, i det å vera ein avgjort disippel for Herren, å ikkje halte til begge sider.

Kristus påpeiker også dette sjølv, i Luk 9:54f (1978/85):

Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei, såleis som Elia gjorde?» Men han snudde seg og tala strengt til dei. «De veit ikkje kva ånd de er av,» sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa.»

Og dette skal vise gjennom nestekjærleik. Og då var det kanskje ikkje så stor forskjell mellom denne vekas søndagstekstar likevel.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s