Har Gud skapt det vonde?

Eg har ofte fått spørsmål om Gud har skapt det vonde i verda? Nokre gonger har eg ikkje heilt visst kva eg skal svare på det, men her er mitt forslag. Fyrst, det logiske oppsettet til argumentet for at Gud har skapt det vonde:

  1. Gud har skapt alt som eksisterer
  2. Vondskap eksisterer
  3. Ergo, så har Gud har skapt vondskapen — og er sjølv vond.

Dette er fullt ut logisk, problemet — som mange ikkje forstår — er at sjølv om noko er logisk, så treng det ikkje vere sant. Problemet med argumentasjonen eg har vist oppfor, er premiss 2: «Vondskap eksisterer».

La oss sjå på nokre andre ting, og husk; min argumentasjon er basert på at det kristne synet på vondskap er sant, så denne argumentasjonen har ikkje noko å seie for til dømes gnostisismen, som faktisk påstår at skaparguden — demiurgen — er vond (og at godt og vondt skal i balanse).

Eksisterer kulde?

Mange vil påstå at kulde eksisterer, her i Noreg kjenner vi den på kroppen gjenom heile vinteren (og sjølvsagt oftare enn det, også). Men likevel eksisterer ikkje kulde.

I følgje fysikkens lover — husk, eg er ingen fysikar, så correct me if I’m wrong — så er det slik at det vi kaller kulde i realiteten er fråværet av varme. Ved det absolutte nullpunkt, −273,15 grader Celsius (0 grader Kelvin), så er det eit absolutt fråvær av varme. Det kan også nemnast at ein aldri har klart å komme til det punktet. Det kan også nemnast at for at fryseboksen og kjøleskapet skal halde seg kalt, så må varmen transporterast ut (kjenn bakpå).

Eksisterer mørke?

Her oppe i nord er det nok mange som vil påstå at mørke eksisterer. Men det er også feil. Mørke er eigentleg berre fræværet av lys. Vi kan studere lys, men ikkje mørke. Faktisk så er det slik at vi kan bruke Newtons prisme til å splitte kvitt lys opp i mange fargar, og studere dei forskjellige bølgelengdane til kvar farge. Men du kan ikkje måle mørke. Ein liten lysstråle er nok til å bryte mørket, men har du nokon gong prøvd å lage ei mørkepære?

Korleis måler du kor mørkt det er? Jo, ved å måle det lyset som er der. Mørke er eit begrep lagd for å beskrive fråvær av lys.

Eksisterer vondskap?

Her er nok folk meir ueinige, av mange grunnar. Men — som sagt — dette er basert på det kristne, bibelske, synet på vondskapen. Mange påstår at vondskapen eksisterer. «Berre slå på dagsrevyen», seier dei.

Men eg trur ikkje vondskap eksisterer — ikkje i seg sjølv. Vondskapen er rett og slett fråværet av det gode. Akkurat som mørke og kulde — bilete på vondskap som går gjennom heile Bibelen — er vondskap rett og slett fråværet av det gode, som er skapt av Gud. Det kan vere rart, vondskapen er jo reell. Men det same gjeld jo for både kulde og mørke — dei er begge reelle for oss. Men dei eksisterer ikkje i seg sjølv.

Dette synet finn ein både hjå kyrkjefedrane, og hjå Tolkien. Ståle Johannes Kristiansen påpeiker at Tolkiens syn på vondskapen er eit klassisk kristent syn, at vondskapen er eit fråvær av det gode. Eg siterer:

Alt tyder på at Tolkien var sterkt forankret i den kristne visdomstradisjonen. Hans demonologi bærer tydelig preg av ørkenfedrenes åndelige erfaringer. (…) Tanken om det onde som mangel (privatio) møtte kirkefedrene i den platonske tradisjonen, og kjente den straks igjen som en idé med bibelsk klangbunn. I skapelsesberetningen leste de at Gud er eneste opphav til skapelsen, eneste kilde til alle ting.

Kristiansen, Ståle Johannes, «Tolkien og den kristne visdommen» i Over Alt: Tidsskrift for kristen spiritualitet og åndelig veiledning, nr. 4, 2003 (s. 38-47), s. 39.40

Og det er poenget med Tolkiens — og kristendommens — syn på vondskapen. Er vondakapen ei ytre kraft som eksisterer i seg sjølv, eller er den indre, som eit fråvær av det gode? Eg trur vondskapen er tomleik, «ikkje-eksisterande». Tolkien var inspirert av den kristne visdomstradisjonen, spesielt den frå ørkenfedrane. Eit spørsmål som dei—og Tolkien—prøver å svare på, er dette: Korleis kan det vonde finnast i ei verd skapt av Gud, og Gud åleine? «Svaret» er at vondskapen er eit fråvær av det gode. Det vonde er ikkje ei eiga kraft, den «brølande løva» er i siste instans kraftlaus.

Eg tolker denne læra slik: Gud er all veras fylde, difor ser eg på synd og vondskap som tomleik — eit moralsk vakuum. Folk snakker ofte om at dei — etter å ha gjort (eller deltatt i) vonde gjerningar som dei seinare angrar på — kjenner seg «tom innvendig». Og det er nettopp det synd og vondskap gjer. Jason Bofetti skriv:

In line with St. Thomas Aquinas’s teaching in his Summa Contra Gentiles, Tolkien never falls into the trap of describing a character or object as inherently good or evil. Evil, after all, is an absence—the absence of good—and therefore cannot be embodied by a person or thing.Even the One Ring, forged by the magical art of Sauron, is never actually characterized as evil in itself. Rather, its power to command the Ringwraiths and the invisibility it confers are regarded as temptations that make the ring too dangerous for it to be used appropiately.

Sjølv om vi kan seie at desse ikkje har ei eiga kraft, at den brølande løva i siste instans er tannlaus, så betyr ikkje det at vi skal ta lett på vondskapen. Mørkret kan breie seg, det kan lure folk, og difor må vi kjempe mot dette—med lys! Då avsluttar eg med nokre ord frå Ståle Johannes Kristiansen:

Det onde som mangel er en grunnforklaring hos kirkefedrene, men de tar aldri lett på det ondes nærvær i verden. Aller minst ørkenfedrene… Dypest sett mangler djevelen og demonene den eksistens som springer så frisk fra Skaperens hånd. Men det onde er til. Dets mangel på godhet er skremmende virkelig. En senere kristen tenker har sagt at det «eksisterer forferdelig» som en «lemlestelse» av det gode (Maritain). Denne lemlestelsen har Tolkien skildret som ingen andre. De grusomme orkene i Ringenes Herre er «vansirede» alver — det ligner det triste faktum i kristen tro, at demonene er falne engler. (Kristiansen: 2003: 40)

— Kjetil Kringlebotten

One comment on “Har Gud skapt det vonde?

  1. […] Vondskapen kjem altså innifrå. Kva meiner ein med det? Vel, i kristen teologi seier ein at vondskap ikkje er noko eiga kraft, slik Manikearane meinte, men at vondskapen djupast sett er fråværet av godleik, lik kulde og mørke (begge to kjente bilete på vondskap) er fråværet av varme og lys (les meir om dette i denne posten). […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s