Pavedømet — og kyrkjeleg eining

Til trass for at denne bloggen handlar om katolske emner, så har eg ikkje skrive så mykje om pavespørsmålet. Eg nemnde det i denne posten om ufeilbarleiken og Den kyrkjelege Tradisjon, heilt kort i denne posten om sterke, karismatiske leiarar, og litt i denne posten om presteskapet.

På grunn av dette vil eg no skrive litt om pavedømet, med utgangspunkt i ein dikusjon mellom Johannes Hvaal Solberg og Ståle Johannes Kristiansen i siste nummer (1/2006) av Lære og Liv, organet for Kirkelig Fornyelse (KF).

Fyrstnemnde, Hvaal Solberg, stilte seg negativ til pavedømet som teikn på kyrkjeleg eining, og påsto at eininga låg i bispedømma, ikkje i «Vatikanet». Utgangspunktet hans var avdøde pave Johannes Paul II sine ord i Ut unum sint («at dei må vera eitt») frå 1995. Hvaal Solberg påpeiker at paven framhaldt at «dei enkelte kyrkjers kommunion med Romas biskop, er — i Guds plan — ein essensiell nødvendigleik for fullstendig og synleg kommunion.» Dette sette han opp mot Kristi einingstanke i Joh 17 og seier at Kyrkja — som består av menneske skapt i Guds bilete — må formast etter det trinitariske prinsipp. I Joh 17:21-23 (jmf. v.11) seier Kristus:

Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt…

Problemet — som Ståle Johannes Kristiansen tar opp i sitt motsvar — ligg i Solberg si oppfatning av det trinitariske, og hans neglisjering av Kristi kallingsord, mellom anna til Peter. La oss sjå på desse:

Det trinitariske prinsippet

Solberg påstår at den indre eininga i Treeininga skal forståast heilt flatt, og at dette viser oss at Kyrkja — fellesskapsmessig, men ikkje nødvendigvis organisasjonsmessig — skal ha ein flat struktur, slik som mange kyrkjesamfunn har. Han seier i konklusjonen sin at:

Enhet i Gud manifesteres i forskjelligheten mellom personene Fader, Sønn og Hellig Ånd. Så lenge enheten i kirken sammenholdes med enheten i Gud [jmf. Joh 17, mi anm.], betyr det at kirken må være organisert etter dette trinitariske prinsipp. Dette vil si at de enkelte biskoper i kommunion med hverandre uttrykker denne enhet. Dette er på samme måte som personene i Gud ikke er guddommelige på grunn av fellesskap med noe “over” dem, men på grunnlag av opphav og relasjon. Slik er lokalkirkens katolisitet også ivaretatt gjennom biskopens opphav (apostolisk suksesjon) og relasjon (kommunion).

Eg trur Solberg tar feil på eit sentralt punkt, noko også Kristiansen belyser i sitt svar. Han [Kristiansen] skriv at Solberg er «heilt katolsk» når han seier at Kyrkja skal styrast etter eit trinitarisk prinsipp (jmf. Lumen Gentium 23), men at han bommer i si karakteristikk av dette prinsippet. Pavens primat (ikkje pavens person) har sitt opphav i Peter — som eg skal sjå på litt seinare i teksten — og paven blir kalla for primo inter pares — «den fremste blant likemenn». Kristiansen påpeiker nokre problem med Solberg:

  1. Han legg altfor mykje vekt på det partikulære, og seier at den Universelle kyrkja som Kristi lekam er «…uttrykt alene gjennom dem [parikulærkyrkjene]». Dette ordet «åleine» set eit unaturleg skilje mellom det individuelle og det universelle. Sa ikkje Kristus at Guds rike var både inni oss og iblant oss? (Luk 17:21)
  2. Han har ei gal oppfatning av det indretrinitariske. Kyrkjefedrane snakka om «Faderens monarki», og sa at det var ei funksjonell underordning innad i Treeininga. Faderen vart kalla Treeiningas Kjelde og Opphav, og på den måten er han «den fremste blant likemenn» — utan at vi skal dra det biletet for langt.

Peters oppgåve

Så er vi over til Peters oppgåve i Kyrkja. Her skal eg stort sett forlate diskusjonen mellom Solberg og Kristiansen, men vil berre sitere sistnemnde før eg gjer det:

Man kommer også lengre [i diskusjonen, mi anm.] om man legger merke til den sterke intensjon om skrifttroskap hos Johannes Paul og katolske teologer, når de ikke vil (kan) sette en strek over det særlige kall Jesus gav Peter.

Og kva kall var det? Kristus starta Kyrkja ved apostlane, og gav dei — med Peter i spissen — nøkkelmakta. Til Peter sa Han: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette (vedkjenninga) har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» (Matt 16:18f) Denne teksten blir sett på som ein av hovudtekstane når det gjeld pavedømet og Peters primat, saman med Luk 22:31f:

Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine. (Mi utheving)

Peter var den fremste av apostlane, men likevel deira likemann. Paulus seier jo at i Kyrkja er det «ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus.» (Gal 3:28) Men likevel får Peter ein «framskutt posisjon», han blir primo inter pares — den fremste blant likemenn.

Han skal ta seg av fåra og sauane åt den Gode Hyrden (Joh 21:15-18). I namnelister over apostlane blir Peter alltid nemnt fyrst, og slike ting er aldri tilfeldig, spesielt ikkje i den historiske og geografiske konteksten kristendommen har sitt opphav i. Bibelen omtalar på eit tidspunkt dei tre «hovudapostlane» (Peter, Jakob og Johannes) som «Peter og dei andre» (Luk 9:32). Peter taler ofte på vegne av apostlane (Matt 18:21, Mark 8:29, Luk 12:41, Joh 6:68-69). Det var han som tala på pinsedagen, han skulle styrke brørne sine (Luk 22:32). Han leida møtet som valte Mattias som erstatning for Judas (Apg 1:13-26) og han opptok dei fyrste konvertittane i Kyrkja (Apg 2:41). Han kom med den første kyrkjelege straff (Apg 5:1-11) og ekskommuniserte den fyrste vranglærar (Apg 8:18-23). Han leia det fyrste konsil i Jerusalem (Apg 15) og kom med den fyrste dogmatiske avgjernad (Apg 15-11). Det var Peter som mottok openberringa om at også ikkje-jødar skulle døypes og aksepterast som kristne (Apg 10:46-48).

No vil dei fleste innvende, og seie at dette berre gjeld Peter. Då spør eg tilbake: kvifor det? Treng ikkje folket å bli «fora» og «gjæta» lenger? Klarar vi oss sjølv no? Vidare er det viktig å påpeike at Bibelen ikkje er skrive i eit historisk vakuum, men inn i ein Tradisjon og ein historisk kontekst. Difor skal vi ikkje halde oss til «Bibelen åleine» — eit absurd om ubibelsk(!) påfunn — men vi må lese den inn i konteksten. Og der ser vi at Peter vart rekna som leiar, og at det vart utnemnd etterfylgjarar.

Paveembedet er der for å «fø lamma»/«gjæta sauene» åt den Gode Hyrden. Dette tolker eg både bokstavleg og læremessig. Kyrkja driv med humanitært arbeid, og har mange sjukehus og andre tiltak der dei «før lamma». Vidare kan dett også handle om læremessige ting, om kva skrifter som skal vere i Bibelen og om korleis vi skal tolke desse, og korleis vi ser på enkelte aspekt ved trua (Gud, Kristus, sakramenta, etikk/moral, etc.) I utsagn om dette er paven ufeilbarleg, ikkje på grunn av seg sjølv, men på grunn av Heilaganden. I det fyrste dogmatiske konsildokumentet (Apg 15:28) stod det fyrst: «Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt…» Vidare er det viktig å lese kyrkjehistorie. Der ser vi klart at apostlane valte ut etterfylgjarar, som igjen gjorde det same.

Paven er også «Vicarius Christi», og det betyr ikkje Jesu Kristi Vikar (etter vår moderne bruk av ordet). Ordet Vicarius kan omsetjast på to måtar, 1; «den som kjem i staden for» og 2; «slaven åt slaven», evt. «tenaren åt tenaren». Den første måten har eg ingen problem med. Seier ikkje Paulus at vi skal be «i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!» (2Kor 5:21). Den andre omsetjinga har eg heller ingen problem med. Då blir Vicarius Christi altså «tenaren åt Kristi tenarar». Eller som ein av pavens titlar er: «Tenaren åt Guds tenarar».

Problemet er at mange protestantar trur at «leiar» eller «sjef» er synonymt med «ugudeleg. Men Kristus anerkjenner at folk skal vere leiarar, Peter skulle jo «fø lamma» og «gjæta sauane». Det Kristus gjorde — og som paven utfører — er at Han avgrensa leiarskapet til å omhandle kjærleik og omsorg. Jesus sa: «De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand. Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre. Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle.» (Mark 10:42-44)

— Kjetil Kringlebotten

Referansar:

Kristiansen, Ståle Johannes (2006), «Trinitarisk og evangelisk struktur – Svar til fr. Johannes Hvaal Solberg». Lære og liv, Vol. 33:1, s. 36-40

Solberg, Johannes Hvaal (2006), «Pavedømmet og kirkens sakramentale enhet». Lære og liv, Vol. 33:1, s. 32-35

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s