Å fokusere på Gud for å nedkjempe det vonde (3. søndag i faste)

Teksten for 3. søndag i faste er Luk 4:31-37:

Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten, og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde. I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft: «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje. Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.» Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.

Eg vil bruke denne søndagsteksten for å skrive litt om djevelen, om Satan. Kven er han eigentleg — og kva er han? Dette er eit spørsmål som mange har spurt meg i diskusjonar — både på internett og «over lunsjbordet». For å få eit mest mogeleg korrekt bilete av Satan, så må vi sjølvsagt sjå på kva Bibelen seier om han. Men dette er vel eigentleg ikkje nok, for vi treng også vite kva Bibelen seier om vondskap generelt.

Det skjøne og det grusomme

Kven er Satan i Bibelen? Er han ein mann med horn og hale? Eller er han noko heilt anna? Dersom ein les i GT, så ser ein at Satan er anklagaren, Han anklagar mellom anna Job, men vi ser han aldri med «horn og hale». Kvifor har dette biletet komme til?

For å svare på det spørsmålet, skal eg bruke eit bilete frå Harry Potter-bøkene. I bok nr. 2 — Harry Potter and the Chamber of Secrets — møter vi den vonde Voldemort slik han såg ut som 16-åring. Han er beskrive som kjekk, men gjekk til å bli vansira. Her er nokre bilete frå filmatiseringa av boka, og bok fire, Harry Potter and the Goblet of Fire:


Dette er jo sjølvsagt ein metafor. I kristen teologi har ein i tidlegare tider lagt stor vekt på det vakre og det skjøne, og sagt at det er skapt av Gud. Difor blir Satan framstilla med horn og hale, difor blir Voldemort framstilla som ein vansira versjon av Tom M. Riddle. Tom var ein trollmann (vismann) som vart vond — Satan var ein engel som vart vond. Men over til noko anna: er djevelen «inkarnasjonen av det vonde»?

Han blir ofte presentert som personifiseringa av alt det vonde, som «inkarnasjonen av det vonde». Dette meiner eg er feil. Eg trur ikkje at det vonde kan blir «personifisert» på same måte som det gode. Det vonde er — som eg også har tatt for meg her — eit fråvær av det gode. Satan er ein engel som ikkje akkurat har «gjort jobben sin» bra, men han er ikkje det vonde «inkarnert», like lite som Voldemort er det einaste vonde i Harry Potters univers. Nei, vi må huske på at Satan er vond, men det betyr ikkje at vondskapen ikkje kunne vere «nærverande» utan han.

Og nettopp dette gjer han endå farlegare. I filmen The Usual Suspects forklarer ein av karakterane at djevelens beste triks var å overtyde verda om at han ikkje fanst. Og nettopp gjennom dette — og det faktum at vi ikkje «treng» han for å synde, så kan han utøve si «makt» som klarast kan karakteriserast som list og lureri. Og difor meiner eg at vi må ikkje fokusere på djevelen, på dyret og på antikrist, slik enkelte samfunn er «spesialistar» på, men vi må øve oss opp i god moral og etikk, vi må fokusere på det gode, det sanne og det skjønne — det djevelen frykter mest.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s