Kjøt, natur og bibelomsetjing

På diskusjonssidene i Vårt Land for ei tid tilbake gjekk det ein diskusjon om bruken av «kjøt» eller «kjøt og blod» i Bibelselskapets nye omsetjing av NT (NT05). Her er mitt bloggbidrag — om enn litt seint. Eit klassisk døme er Rom 7:5, som i «den gamle» omsetjinga (1978/85) stod slik:

Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.

I den nye omsetjinga har ein gått for ein meir «klassisk» versjon;

vårt kjøt og blod hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.

Det, det har stått mest strid om, er om utrykket «kjøt og blod» kan føre til gnostisisme (Gunnstein Sandnes, VL 14.12-05). Sjølv meiner eg at uttrykket «kjøt og blod» kan vere problematisk, sidan vi legg noko anna i uttrykket enn ein hebrear frå fyrste hundreåret gjorde. Det er betre å berre bruke «kjøt».

Men eg meiner det er like problematisk å omsetje ordet til «vår syndige natur», og det er tre hovudgrunnar til det, som eg her skal prøve å belyse.

1. Ein omsetjar — uansett om han set om Bibelen, Koranan eller Oscar Wilde — vil alltid komme over slike språklege problem. Kva skal ein då gjere? Eg meiner det mest redelege vil vere å omsetje teksten — ikkje tolke den.

2. Kristendommen er ikkje ein norsk religion, og ein bør heller ikkje leve som om den var det. Dei fleste engelskspråklege bibelomsetjingar bruker ordet «flesh», ikkje «our sinful nature». Her ville det vore klokt å tenke internasjonalt.

3. Omsetjinga «vår syndige natur» er — dersom ein skal ta Bibelens sanningar på alvor — ei dårleg omsetjing. Synd er ikkje naturleg, det er unaturleg. Kristus vart sant menneske, med sann menneskeleg natur, men han var utan synd. Hans H. Grelland tar dette opp på i Vårt Land (28.12.05), og skriv:

Begrepet natur (vesen, essens) er et viktig og hevdvunnet ord i europeisk tenkning, og det ville være langt mer klargjørende om vi begynte å si at det syndige mennesket er i strid med sin natur, at synd er unatur, og at frelsen fører oss tilbake til vår natur, vårt innerste vesen.

Dette meiner eg er bra, sjølv om den siste formuleringa kan minne om gnostisisme. «Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss», seier Johannes (1Joh 1:8). Men det betyr ikkje at vi skal slappe av, og ikkje kjempe mot det.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s