Maria bodskapsdag

I frå no av vil eg ta utgangspunkt i lesetekstane for Den katolske kyrkja, men for å lage ei god overgang vil eg ta utgangspunkt i teksten for laurdag (Maria bodskapsdag). Tekstane er både frå Jesaja, Hebrearbrevet og Lukas:

Jes 7:10-14:Herren tala atter til Akas og sa: «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!» Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.» Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

Hebr 10:4-10:

For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder. Difor seier Kristus når han stig inn i verda:

Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha,
men ein kropp laga du til meg;
brennoffer og syndoffer har du inga glede av.
Då sa eg: Sjå, her kjem eg
for å gjera din vilje, Gud.
I bokrullen er det skrive om meg.

Først seier han: «Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på», endå det er slike offer som blir borne fram etter lova. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje.» Han opphevar det første så han kan setja det andre i verk. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.

Luk 1:26-38:

Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davidsætta. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir født,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Som vi ser ut frå dei tekstane som er valt, så handlar ikkje Maria bodskapsdag berre om at ho vart gravid, det handla om ein betydeleg del av frelsa. Inkarnasjonen starta ikkje julekvelden eller juledagen då Kristus vart fødd i ein stall. Nei, den starta på denne dagen då Maria — frivillig — gav sitt «ja» til Gud, og sa «Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.»

På denne dag starta Kristus det verket som vart fullendt på krossen. Offeret var «éin gong for alle», slik det står i teksten frå Hebrearbrevet. Men det betyr ikkje at offeret på ein eller annan måte er avgrensa til det som skjedde på krossen. Nei, offeret var Kristi liv, han «gav avkall på sitt eige», «fornedra […] seg sjølv» og «vart lydig til døden, ja, døden på krossen». (Fil 2:7f)

Ja, han var lydig til Guds vilje frå dag 1 — frå den dagen då Maria, gjennom sitt frivillige «ja» — valte å bere fram vår frelsar, valte å bli «mor til Herren», som Elisabeth kallar Maria (Luk 1:42).

Maria bar fram Herren. Dersom ho ikkje hadde sagt ja, kunne Gud sikkert funne på noko anna, men hans plan var fyrst og fremst å fornedre seg sjølv, bli fødd inn i verda, bli kjøt (Joh 1:14). Kristus er ikkje Guds plan B, men det handlar om at Gud blir som oss, opphøgjar det menneskelege, og gjev oss «del i guddomleg natur». Tenk på Maria denne søndagen, tenk at ho gav sitt ja til Gud, og la dette bli ei oppfordring til å gjere det same.

Det er ein ting som er interessant med denne dagen. Den blir feira den 25. mars, akkurat 9 måndadar før juledagen, og mange trur at ein berre har tatt tak i juledagen, og rekna bakover. Men slik er det ikkje. Katolsk.no melder at:

Fastleggingen av datoen 25. mars kan synes å være enkel hoderegning: Ni måneder før 25. desember, Jesu fødselsdag. Men denne forklaringen er misvisende. Feiringen på denne datoen stammer fra en jødekristen overlevering. Først menes med 25. mars vårjevndøgn, når dag og natt er like lange, som vi vanligvis legger til 21. mars. Etter denne tradisjonen blir denne dato angitt som dagen for verdens skapelse. Omkring overgangen mellom 100- og 200-tallet anså man i Roma og Nord-Afrika denne dagen som Jesu dødsdag. Da skjedde den nye skapelse, det vil si Jesu Kristi død på korset. Den hellige Augustin av Hippo skriver at samme dag skjedde også Inkarnasjonen, at Gud ble menneske. Fra denne tradisjonen utviklet feiringen av Inkarnasjonen og den tilhørende Bebudelsen seg den 25. mars.Ut fra denne datoen beregnet man deretter nøyaktig 9 måneder til Jesu fødsel, altså 25. desember. I følge denne tradisjonen ble altså julen beregnet ut fra Bebudelsen, og ikke omvendt.

Ein tenker seg altså at inkarnasjonen skapinga, nyskapinga og utfriinga skjedde på same dato, og for å forklare dette vidare skal eg ta utgangspunkt i eit ord som Tolkien ofte brukte; «eucatastrophy». Dette var det motsette av ein katastrofe, og eit litterært grep ein kunne sjå i mange forskjellige eventyr (Tolkien gav berre grepet eit namn). I eventyr er det ofte slik at folk kjem opp i store vanskar, men så skjer det noko uventa eller noko som dei hadde gjeve opp håpet på — og alt vart snudd om, frå katastrofe til «eukatastrofe».

I posten der eg viser at Kristus ikkje er «plan B» (og som eg viser til oppfor), peiker eg til ein teologisk tradisjon som går ut på at skapinga vart fullendt i Inkarnasjonen, at denne var påtenkt frå byrjinga av. Altså er Inkarnasjonen — det som skjedde då Maria fekk bod frå engelen — skapingas «eukatastrofe». Deretter har vi oppstoda, som er «eukatastrofen» til det som skjedde i Inkarnasjonen, då noko uventa skjedde, Kristus stod opp igjen. Tolkien skreiv:

[T]his story has entered History and the primary world; the desire and aspiration of sub-creation has been raised to the fulfillment of Creation. The Birth of Christ is the eucatastrophe of Man’s history. The Resurrection is the eucatastrophe of the Incarnation. This story begins and ends in joy. It has pre-eminently the “inner consistency of reality.” There is no tale ever told that men would rather find was true, and none which so many skeptical men have accepted as true on its own merits. For the Art of it has the supremely convincing tone of Primary Art, that is, of Creation. To reject it leads either to sadness or to wrath.

Då vil eg til slutt nemne at i Ringdrotten (Ringenes Herre) falt Sauron (Saurons torn) på 25. mars.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s