Bibelbrenning på TV2

Eg pleier å sjå på «Rikets røst» på TV2 fordi Otto Jespersen er ein intelligent og satirisk mann (han har tapt seg litt dei siste åra), og veit å «sparke oppover», og drive gjøn med maktpersonar. Dette kan ein til dømes sjå i hans geniale karakter Nazi-Per. Men denne gongen skuffa han meg.

I Ålesund brende Jespersen litt av GT. Bibelbrenning er sjølvsagt noko eg — som kristen — ikkje ser lett på. Men det var ikkje det som fyrst «poppa opp» i hovudet mitt då eg høyrde om dette. Eg tenkte: «Jespersen, er du heilt historielaus eller er du berre dum?» Forstår han ikkje kva folk forbind med brenning av bøker, spesielt av jødiske skrifter?

I 1821 skreiv den jødisk-tyske diktaren og filosofen Heinrich Heine fylgjande i skodespelet «Almansor»:

Das war Vorspiel nur. Dort, wo man Bücher verbrennt, verbrennt man am Ende auch Menschen.Norsk:
Dette var berre eit forspel. Der dei har brent bøker, skal dei enda opp med å brenna menneske.

Heine, som husket dei mange forfylgjingane av jødar oppetter historia, inkludert brenning av deira — og andre sine — skrifter, tok ikkje feil. I 1933 brende nazistane jødiske heilage skrifter i Berlin. Fem år seinare markerte Krystallnatta byrjinga av Holocaust, der dei nettopp brann menneske.

Når ein brenn bøker, så seier ein indirekte at innhaldet i denne boka burde fjernast — og at ein burde gjere det same med dei folka som held seg til den. Hadde Jespersen gjort dette for 50 år sidan kunne det vore eit element av «god satire» i den. Då hadde kyrkja meir makt enn no. Men dette hadde nok også skapt uheldige assosiasjonar til Nazi-Tyskland. Dessutan er bokbrenning aldri morosamt.

Men i våre dagar er ikkje dette noko anna enn plumt og tåpeleg. Har kyrkja ein stor maktposisjon i våre dagar? Nokre vil kanskj meine dette om DKK, og eg har høyrt teoriar i diskusjinar om at DKK skal ta over verda. Men dette er sjølvsagt berre tull.

Nei, Jespersen, du burde stoppa etter at du brant Jantelova — sjølv om dette hadde vore galt i seg sjølv.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s