Den nye pakta — og vegen dertil (5. søndag i faste)

Tekstane for 5. søndag i faste er Jer 31:31-34, Hebr 5:7-9 og Joh 12:20-33. Eg vil ta utgangspunkt i den gamaltestamentlege teksten, og prøve å sjå den i eit fasteperspektiv:

Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels ætt og Judas ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde med fedrane deira, den gongen eg tok dei i handa og førte dei ut or Egypt, den pakta med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, seier Herren.Nei, såleis er den pakta eg vil gjera med Israels-folket i dagar som kjem, lyder ordet frå Herren: Eg vil leggja mi lov i hugen deira og skriva henne i hjarta deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Då skal ingen lenger læra sin neste og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren. For eg vil tilgje deira misgjerning og aldri meir koma deira synd i hug.

Kva handlar denne teksten om? Jo, den handlar om den nye pakta, den pakta som Kristus tala om då han — i Joh 12:32 (mot slutten av leseteksten frå Johannes) — sa «Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg».

Men denne pakta er ikkje ein «enkel fribillett». Ikkje misforstå, frelsa er gratis, men den kostar mykje. Og før den dagen då ingen lenger skal trenga å læra sine neste og sin bror å seia «Kjenn Herren» — den dagen då vi skal «sjå han som han er» (1Joh 3:2) — vil det vere både lette og tunge dagar. Johannes Chrysostom (gr. gullmunn), ein av dei greske kyrkjefedrane, sa ein gong at for å komme inn i det lova landet (himmelen), så må ein fyrst gå ut av Egypt (død og fangenskap). Men ein må også huske på at i mellomtida går ferda gjennom ei øydemark. Og nettopp no i fasten får vi tid til å tenke over dette, tenke over kva vi kan gjere for å komma nærare Gud. I den fjerde boka i Harry Potter-serien (den siste filmen til no) seier rektoren ved skulen, Dumbledore, at det ligg mørke og vanskelege tider framføre oss. Og det er no vi bør tenke på kva som er lett — og kva som er rett. Det kan vere lett — altfor lett – å berre «slappe av», ikkje bry seg med Gud, men er det rett? Nei, det trur eg ikkje. Paulus poengterer — via ein gresk poet/filosof — at det er nettopp i Gud at vi « «lever og rører oss og er til» (Apg 17:28). Og eg trur at fastetida er ei god tid til å meditere over dette, tenke over kva frelsa og den nye pakta er, og rett og slett gje litt slepp på seg sjølv. For, som Kristus seier, «For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det.» (Matt 16:25)

God faste!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s