«Kristendummen»

Tirsdag 10. januar 06 skreiv eg om norsk antiintellektualisme, og påpeika at enkelte kjem med påstanden om at kristendommen — eller kristendummen, som enkelte liker å kalle den – oppfordrar til nettopp dumskap og antiintellektualisme.

Som ein slags «oppfylgjar» til den posten, vil eg her ta for meg slike ting innad i kristendommen. Eg har sjølv opplevd å få vite at eg — som har planar om å studere teologi — ikkje er «rett kristen», fordi Gud visstnok ikkje liker smarte folk, men heller «dei einfaldige», som ikkje held seg til «denne verdas dårskap».

Her er det viktig med ein liten «reality check». Gud skapte oss med ein hjerne, med eit intellekt, ikkje utan. Kristus sa at vi skulle vere «einfaldige/godtrune som duer», men han sa også at vi skulle vere «kloke som ormar» (Matt 10:16).

Kva vil det seie om å vere «godtrune som duer»? Det første ordet som fell meg inn, er ordet kjærleik. Vi ska altså, i tillegg til å vere kloke, også ha kjærleik til kvarandre — og til andre menneske. NT05 seier at vi skal vere «uskuldige som duer», vi skal altså leve eir rettskaffent liv. Men dette var ei avsporing.

Kristus påpeiker ganske klart her at kristen ikkje skal dyrke det einfaldige, men heller bruke dei gåver Gud har gjeve, inkludert intellektet og intelligensen. C.S. Lewis tar opp sin frustrasjon om dette i boka Mere Christianity (s. 153):

Everyone has warned me not to tell you what I am going to tell you in this last book. They all say ‘the ordinary reader does not want Theology; give him plain practical religion’. I have rejected their advice. I do not think the ordinary reader is such a fool. Theology means ‘the science of God,’ and I think any man who wants to think about God at all would like to have the clearest and most accurate ideas about Him which are available. You are not children: why should you be treated like children?

Og han har eit godt poeng. Kvifor skal liksom kristne vere så «banale» som mogeleg? Og dersom det er tilfelle, kvifor står dette i Hebr 4:13f?

For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Og kva med Paulus sitt fokus på visdomen, i 1Kor 2:6f?

Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen.

Då avsluttar eg dette innlegget med ein treffande kommentar frå Bjørn Are Davidsen, henta frå boka Da kvinnen fikk sjel — og andre historier (s. 21):

Vi er gitt hodet også for å bruke det i møte med ulike typer påstander, enten de er positive eller negative til kristendom. Følelser og åndelige opplvelser er viktige i et helhetlig kristenliv — sammen med å hjelpe hverandre til bevisst «voksentro».

— Kjetil Kringlebotten

3 comments on “«Kristendummen»

  1. Oddbjørn Nødland says:

    Veldig bra skrevet (som vanlig😉 ). Opplever selv ofte at kristne plaprer i vei om at “du må bare tro”; underforstått “ikke tenk”. Dette synes jeg er helt gal tankegang, og ikke vet jeg hvordan slike folk har tenkt å overbevise ikke-troende. Alt handler ikke om hodet selvsagt, men vi har en tanke, og den er der for å brukes.

  2. Takk for støtten. Eg har også fått beskjed om at ein ikkje bør studere teologi fordi det kan “true den trua vi har”. Vel, tåler den så lite, så er det kanskje noko gale med den, eller i alle fall den teologien den baserer seg på (for all kristen tru er teologisk basert, om ein vil eller ikkje).

    mvh

  3. Stå på, Kjetil, du har hundre prosent rett i denne saka.

    Som de sier i denne boka: “The scandal of the evangelical mind is that there is not much of an evangelical mind.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s