Skaping og evolusjon — er det noko motsetnad?

No er det ei stund sidan eg skreiv om dette, men det må jo skrivast om. Eg opplever ofte at folk — frå begge sider av «strida» — anklagar folk for å vere uærlege, for å fare med løgn, etc. Dette er mange gongar rett — det er ikkje sjeldan eg irriterer meg over kreasjonistar som skal «beskytte» Gud, og evolusjonistar som av ein eller annan grunn må «drepe» Han. Men eg tenkte for nokre dagar sidan over dette; kva er det eigentleg Bibelen lærer om verda, om mennesket, om skapinga, etc?

«Skapingssoga» handlar om at Gud — som står utanfor det fysiske universet — skapte dette universet, og alle levande skapningar innad i det. Soga fortel også mykje om mennesket, spesielt forholdet mellom mennesket og Gud.

Kor kjem Darwin inn i biletet? Ingen stader, han fortel om det biologiske, ikkje det åndelege og vårt forhold til Gud. Sjølv Augustin — som skreiv om dette i det fjerde hundreåret — forstod dette, og visste at Skrifta aldri hadde som hensikt å vere ei tekstbok i biologi, fysikk, e.l.

Dersom vi skal lese Bibelen «bokstavleg», så kan det verke som om verda vart skapt på 6×24 timar (6×12). Men så kjem vi over problem som mellom anna ordet «dag», eit ord som også kan bety ein udefinert tidsperiode. Så kva er det vi ser? Jo, vi ser at Gud skapte verda, men vi ser ikkje korleis han gjorde det, eller kor lang tid han brukte.

Det må jo også understrekast at ordet Adam betyr menneske, og kjem av ordet adama = jord, og at det fortel oss at mennesket er skapt av jorda (1Mos 2:7), og at Gud blas «livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.» Dyra er jo også skapt av jorda (1Mos 1:24), og i Forkynnaren ser vi at mennesket er samanlikna med dyr som har fått livsanden, og som er skapte i Guds bilete.

Kor vil eg med dette? Jo, eg vil poengtere at Bibelen aldri har vore meint som noko lærebok i Naturfag, men at den fortel oss om frelsa, om vårt forhold til Gud. Dersom du vil vite noko om verdas mekanikk, les noko anna.

— Kjetil Kringlebotten

One comment on “Skaping og evolusjon — er det noko motsetnad?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s