Kunnskap og visdom

I ein diskusjon om kunnskapens tre i Edens hage, var det ein som påstod at «ulydnad demonstrerer fri vilje», og legg til at dersom du har fri vilje, så vil du — etter ei lang nok stund — «slutta å lyde — spørsmålet er berre når.» Vidare påstod han at Gud berre sette eit tre i hagen, og at det berre var éin veg — å la vere å lyde Gud.

Dei fyrste påstandane er eg ueinig i, den siste er beviseleg feil. Dersom ein les «skapingssoga» i 1Mos 1-2 (det er to stykk), så ser ein at det [i alle fall] er to tre i hagen, 1Mos 2:9:

Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.

Vidare les ein at Gud befale Adam om ikkje å ete av det sistnemnde, 1Mos 2:16-17:

Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»

Problemet mange har med denne historia ligg ikkje i sjølve historia, men i den tolkninga den etter kvart har fått. I gnostiske kretsar – der ein ofte snur rundt på tinga (Slangen er Gud, Kain er rettvis, Judas gjorde ein god jobb, etc.) – tolker ein dette som ei slags «Promethevs-myte». Wikipediaartikkelen om dei olympiske leikane slår fast at,

Til liks med i dag, tende dei den olympiske elden i det antikke Hellas òg. Elden representerte kontakt med gudane. I fylgje gresk mytologi fekk menneska fyrst eld då Promethevs stal elden frå gudane for å gje den til menneska, for at dei skulle greie å utvikle eit kulturliv. Zevs vart sint då han fann ut dette, og straffa Promethevs ved å lenkje han til ei klippe der ei ørn hakka i levra hans, og han sende Pandora til menneska.

Problemet med denne gnostiskinspirerte tolkinga er at ein ikkje legg merke til at Gud [i alle fall]sette to tre i hagen, og difor skjer det at folk kan påstå det som den personen eg siterte innleiingsvis sa. Og då fører det jo til at ein tolker det som ei slags «Promethevs-myte» der Gud nektar mennesket kunnskap, og at mennesket gjer opprør for å få det. Men slik er det altså ikkje i Bibelen.

I Ord 3:18 lærer vi at Visdomen er «eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.» Så, ved å ete av Visdomens tre – altså ved å la seg bli guida av visdom og innsikt, av Gud – så kan vi lære å skilje mellom godt og vondt. Skapingssoga seier ingenting om at kunnskapens tre lærer oss å skilje mellom godt og vondt, slik som gnostikarane påstår, vi lærer berer om eksistensen av godt og vondt. Sjølv ormen seier ikkje dette, men seier at vi skal «kjenna godt og vondt» (1Mos 3:5). Det gjer Gud også, i v. 22.

Så kva er då poenget med dette? Jo, det lærer oss at rein kunnskap – utan visdomens vegleiing – vil føre ut i synd, vondskap og sjølvdestruksjon. Kunnskap i seg sjølv er ikkje galt, men det er snakk om at vi – vegleia av Visdomen (Kristus sjølv) – skal trena oss opp i å skilje mellom godt og vondt. Då avsluttar eg med eit sitat frå Hebrearbrevet, kap. 5:12-14:

Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt. (Mine uthevingar)

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s