Var det ikkje dobbeltmoral det heitte…?

I følgje VG og TV2 Nettavisen har Frp si stortingsgruppe bestemt at Siv Jensen skal ha ny firmabil, betalt av våre skattepengar. Er det ikkje nettopp slike ting dei kjemper mot kvar dag, i aviser, i debattar og elles? Var det ikkje dobbeltmoral vi kalte slikt?

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

One comment on “Var det ikkje dobbeltmoral det heitte…?

  1. I gårsdagen Tabloid på TV2 (19.04.06) var Frps Per Sandberg ute for å forsvare det partiet her hadde gjort. Eit argument var at ho ikkje kunne bevege seg ute blant folk (ja, var det ikkje ”for folk flest” Frp skulle vere?), men dette vart tilbakevist som idioti, då stortinget har bilordningar som kan dekke dette. Vidare viste det seg at ho også hadde hatt personleg trenar fordi ho hadde ”vondt i ryggen”. Dette stemmer sikkert, men kor mange uføretrygda har ikkje også dette, utan å ha millionløn? Igjen viser Frp seg ikkje å vere ”for folk flest” (men det visste de sikkert frå før).

    Sanberg prøvde å bortforklare dette ved å vise til visse tiltak som Frps stortingsgruppe hadde gjort, mellom anna at ein hadde kjøpt ein massasjestol som folka i stortingsgruppa kunne bruke etter ein lang dag (eller når dei måtte ha tid til slikt). Men det er ein lang veg frå massasjestol for heile stortingsgruppa til ”firmabil” og personleg trenar for ein person.

    Men problemet er jo eigentleg ikkje at dei har brukt pengar. Det kan dei jo gjere. Problemet er at dersom KrF, Venstre, Høgre, SV, Arbeidarpartiet, eller eit eller anna parti hadde gjort det same, så hadde Frp slått dette opp, og snakka om sløsing av skattebetalarane sine pengar. Practice what you preach!

    mvh–>

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s