Miskunns-søndagen (2. søndag i påsketida)

Tekstane for Miskunns-søndagen er Apg 4:32-35, 1Joh 5:1-6 og Joh 20:19-31. Ein kan dra mange ting ut av desse tekstane, men eg vel her å ta for meg éin av desse, teksten frå Apostelgjerningane, der eg skal sjå på kva ein legg i det å vere frelst, det å vere ein del av Guds folk.

Heile flokken av truande var eitt hjarte og eitt sinn, og ingen rekna det han eigde, som sitt eige; dei hadde alt i lag. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var stått opp, og stor nåde var over dei alle. Ingen av dei leid naud, for dei som eigde jord eller hus, selde det og kom med pengane og la dei ved føtene til apostlane. Sidan fekk kvar einskild tildelt det han trong.
(Apg 4:32-35)

Gud ynskjer seg ikkje frelste individ. Ja, tenkte at du vart litt overraska no. Ynskjer ikkje Gud at vi — som er enkeltpersonar — skal bli frelst? Jo, det gjer Han, men Han ynskjer at vi skal bli frelst som eit heilt folk. Dette ser vi klart ut frå levemåten til dei fyrste kristne. Dei levde ikkje ut sine individuelle lyster, men levde som ein levande organisme, som ein lekam.

Kristne er kalla til å vere personar i relasjon, ikkje individ som definerer seg sjølv i opposisjon til andre. Jean Paul Sartre sa det slik: «Helvete, det er dei andre.»

Denne individualismen preger alt frå bønn til gudsteneste og til bibellesinga. Bøna blir ikkje lenger relasjon mellom andre kristne og Gud, men det blir ein automat der vi skal få det vi ynskjer oss. Gudstenesta blir redusert frå å vere vår teneste til Gud til å bli ein stad der vi «skal få noko ut av det». Og bibellesinga handlar ikkje om kva vi trur på som folk, men kva folk — gjennom å lese i Bibelen — skal oppkonstruere sjølv. Kristendommen blir ikkje lenger ein samlande religion, men berre eit minste felles multiplum der vi er fritt til å velgje og forkaste det vi ynskjer.

Men er det ikkje dette som er grunnsynda? Når enkeltmennesket byrjar å fråtse i sin eigenart på bekostning av andre blir det redusert til eit individ, og blir då også framand for seg sjølv. Og her trur eg at vi må til den greske mytologien for å finne eit passande døme.

Torsdag 13. april (skjærtorsdag) var det eit interessant radioprogram om Narcissus og Pontius Pilatus på NRKP2. Programmet — «Sånn er livet» — kan lastast ned (podcast) frå NRK sine sider.

Den «vanlegaste» versjonen av den greske myten om Narcissus kan oppsummerast slik: Narcissus, som var svært vakker, såg sitt eige spegelbilete når han var ved eit tjern. Han vart då så betatt av seg sjølv at han drukna i eit forsøk på å komme nærare biletet. Spørsmålet vi då bør spørje oss, og som vart tatt opp i «Sånn er livet», er; «kva fortel denne historia oss?»

Dette er det mange svar på. Enkelte, mellom anna enkelte psykologar, meiner at narcissisme er «evna til å elske seg sjølv». Her er nok eg ueinig. Narcissisme handlar utelukkande om egoisme og egosentrisme. Kristus seier, i Matt 22:39, at «du skal elska nesten din som deg sjølv.»

Poenget er ikkje at sjølvkjærleiken skal utslettast, men at den skal vere mal for den kjærleiken vi har til andre. Vi skal elska andre som vi elskar oss sjølv, kjærleiken skal vere forkusert både innover og utover. Narcissisme handlar om at den berre blir forkusert innover — at den blir individualisert.

I dag verkar eg kanskje litt hard, men det må fram. Individualismen og narcissismen har blitt ein tendens i vår tid og i vårt samfunn, og det øydelegg mennesket. Når mennesket sluttar å bry seg om andre, då er det ikkje lenger eit menneske, men framand for seg sjølv. Då avsluttar eg med å sitere eit passasje frå boka Å tro på Den treenige Gud. En nøkkel til forståelse (St. Olav, 1999, s. 9-10) av Gisbert Greshake, som mellom anna handlar om korleis det treeinige gudsbilete kan belyse det menneskelege, for vi er jo skapt i Guds bilete:

Det har åpenbart ikke lykkes for den kirkelige trosforkynnelse og teologi å gjøre det tydelig hvilken omfattende og omveltende betydning troen på Treenigheten har for vårt eget liv og for måten vi møter verden på. Bekjennelsen til den treenige Gud er blitt et internt teologisk, livsfremmed utsagn om Guds innerste vesen. Hos menneskene etterlater det et kaldt og uinteressert inntrykk. For hvordan skulle det være av eksistensiell betydning for meg at jeg kjenner den indre guddommelige væren, og vet hva som skjer i det indre guddommelige liv?Her blir det radikalt og fullstendig tatt feil av hva troen på den treenige Gud innebærer. Det dreier seg ikke om et isolert, abstrakt utsagn om et fjernt, opphøyd og tilbaketrukket guddommelig vesen. Snarere: Hvis det “er i ham vi lever, beveger oss og er til”, som det heter i Apostelgjerningene (17,28), og hvis denne Gud i sin åpenbaring av seg selv viser seg som fellesskap, som tre personers utveksling av liv, er alt kommet inn i et nytt lys. Da står jeg selv i et helt nytt perspektiv, og hele skapningen presenterer seg som ny og annerledes. Alt, absolutt alt som finnes i verden, er berørt av dette. Med rette peker den nå avdøde biskop av Aachen, Klaus Hemmerle, på det når han skriver: “Den revolusjon når det gjelder gudsbildet, som kom inn i menneskenes historie gjennom troen på Den treenige Gud, lar seg neppe måle. Den har til og med ennå ikke gjennomtrengt vår egen kristne bevissthet i dens dypeste grunn. At Gud helt og holdent er meddelelse, liv som strømmer ut, snur ikke bare opp/ned på det menneskelige bildet av Gud. Det angår også vår selvforståelse, vår forståelse av verden.”

Det er dette spørsmålet som særlig vil bli tatt opp i denne lille boken. Hvilken betydning for vårt liv, hvilke helt konkrete konsekvenser har troen på Den treenige Gud for oss? Men naturligvis også: Hvilken bærende funksjon har den for hele den kristne tro, for forståelsen av den og for virkeliggjørelsen av den? Kort sagt dreier det seg om å fremstille den nøkkelfunksjon troen på Treenigheten har for all forståelse. Her betyr forståelse ikke bare “riktig tenkning” og “fornuftig innsikt”, men også riktig og fremgangsrik praksis. Det er som når man sier om en person: Han “forstår” sitt håndverk. Da kan han utføre det godt og riktig – han behersker det, også rent praktisk. På samme måte vil de følgende utførlige behandlinger av stoffet vise hvordan troen på Den treenige Gud fører til en ny, helhetlig forståelse av virkeligheten. Den vil gi en dypere innsikt og en overbevisende livspraksis. Boken kan altså selv bli en “nøkkel” til å kunne utforske den nøkkelstilling troen på Den treenige Gud har.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

One comment on “Miskunns-søndagen (2. søndag i påsketida)

  1. […] vere ein dyd fordi den står i mellom sjølvhat og narcissisme (narcissismen tok eg opp i denne posten). På same måte kan det å handle, basert på kontekst, vere ei dyd. Dersom ein er i krig, så kan […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s