«… som fremja mi frelse gjennom materien» (3. søndag i påsketida)

Tekstane for 3. søndag i påsketida er Apg 3:13-15.17-19, 1Joh 2:1-5a og Luk 24:35-48. Eg skal ikkje sitere tekstane, men eg vil her konsentrere meg om evangelieteksten.

Ein kan plukke fram mykje frå denne teksten. Eg skal her ta fram to ting; 1) profetiane om at Messias skulle «lida og stå opp frå dei døde tredje dagen» (v. 46), og at vi «i hans namn skal [få] omvending og tilgjeving for syndene». Og 2) det faktum at Kristus stod opp att med ein kropp.

Messiasprofetiane

Ein kan finne mange skriftord i Bibelen som er blitt tolka som profetiar om Messias, både av jødar og kristne. Dei fyrstnemnde knytter ikkje Kristus til desse, men det vel eg å ikkje setje så stort fokus på her. Det eg her skal gjere, og som betre forklarar neste del av denne teksten (om oppstoda av lekamen), er det fysiske ved dei gammaltestamentlege Messiasprofetiane.

Mange religionar har ein profetitradisjon. Men det er ein ting som skiljar dei bibelske frå resten. Dei er svært «fysiske». Det finst enkelte «høgtflygande og kosmiske» profetiar i GT, mellom anna Dan 7:13f, men den har også eit umiskjenneleg menneskeleg preg:

Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort mot den gamle av dagar og vart ført fram for han. Han fekk herredøme, ære og rike; folk og ætter med ulike språk, alle folkeslag skal tena han. Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike går aldri til grunne.

Eg meiner dette er ein klar Kristusprofeti, som vitner om Kristi kongsmakt so skal komme til syne. Men profetien har også ein menneskeleg «touch». Daniel seier at han ser «ein som var lik ein menneskeson». Kristus kalla seg Menneskesonen av fleire årsaker. Kanskje var det for å understreke at Han var/er oppfylginga av dette synet, men eg trur det ligg meir bak det.

For det fyrste så kjem det fram av Dan 7 at dette er ein stor konge med «eit evig velde», eit rike som «aldri [går] til grunne». Dette ser ikkje eg som nokon andre enn Gud. Men så har vi også det menneskelege ved profetien, at denne veldige kongen var «lik ein menneskeson». Utan å leggje altfor mykje teologisk tenking inn i Bibelen (den er ikkje ei studie i systematisk teologi), så ser eg dette som eit klart bilete på Inkarnasjonen, der «[Gud] vart menneske» (Joh 1:14), der Gud knytte seg mennesket i hypostatisk eining, altså Inkarnasjonen. Her ligg frelsa, at den andre personen i Guddommen — Ordet, Guds Son — antok den menneskelege naturen, «ikkje ved ei omskaping av guddommen til kjøt, men ved opptakinga av manndomen i Gud», som det står i Den athanasianske truvedkjenninga.

Og nettopp dette ser vi i Kristi ord til læresveinane etter oppstoda. Kristus måtte gå «via dolorosa» — lidingas veg — sidan dette er ein sentral del av den menneskelege erfaring. Kjell Arild Pollestad seier litt om dette til Aftenposten:

Gud blir menneske, og påtar seg menneskets lidelse gjennom korsfestelsen, Han går menneskets vei. Og da er det slik at Påsken, med Oppstandelsen, minner om at lidelsens vei også er livets vei. Gud viser oss derfor et påskelys over jorden.

Og dette fører oss over til delen om oppstoda av lekamen.

Oppstoda av lekamen

Ein ser i evangelieteksten at Kristus seier; «a på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» (Luk 24:29) Så ser vi at Han åt eit stykke steikt fisk (v. 41-43). Her ser vi at vår herlegdomslekam — som er andregrøda (1Kor 15:20-22), vår åndelege, og ikkje sjelelege, lekam (1Kor 15:42-48) — ikkje blir noko flyktig og «høgtflygande».

Den store nyhenda i kristendommen er ikkje at Kristus viste oss a vi kunne vere åndelege — det er ikkje akkurat ein nyhet, sjølv om gnostiske kretsar skulle meine det. Nei, hovudpoenget er at Gud vart menneske, og opphøgde det materielle til «nye åndeleg høgder».

I den tradisjonelle læra om Inkarnasjonen, «ikjøtinga», har guddommen bunde seg sjølv til — men ikkje, på «essensnivå», samanblanda seg med — døydeleg, kortvarig materie, så Han kan udøydeleggjere den gjennom nåde, gjennom å leve som eit sant menneske, utan synd. Per Bjørn Halvorsen skriv om dette i ei preike på dagen for opphøgjinga av krossen (frå boka Kjenn din verdighet, s. 151):

Guds Sønn, den annen person i den hellige Treenighet, ble menneske av kjøtt og blod for å ta opp i seg hele vår menneskenatur og gjøre den helt til sin, inklusive vår død. Gud selv ble menneske fullt og helt, men uten synd. Han oppgav alt sitt eget, tok en slaves skikkelse og ble et menneske som vi, sier apostelen. Gud er derfor mennesket slik det egentlig er, og slik det egentlig skal være.

Frelsa blir altså fullenda gjennom det at Kristus — sann Gud og sant
menneske — levde, leid og døydde som eit menneske. Rett før Han utanda
på krossen, sa Han: «det er fulført!» (Joh 19:30), og dette verket vart
rettferdgjort og heilaggjort i oppstoda. Gud foreina seg med menneskeleg
kjøt, og dette fekk difor del i det udøydelege. Kristus er «førstegrøda av dei som har sovna inn» og i Han skal «dette forgjengelege [bli] kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom» (1Kor 15:20.53).

Vidare fortel Paulus at i Kristus «bur heile guddomens fullnad lekamleg, og
i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har [vi] òg fått del i
denne fullnad.» (Kol 2:9f, 1978/85)

Gud levde som menneske, og nyskapte dermed menneskenaturen. Han stod opp som fyrstegrøda, og vi skal — i vår lekamlege oppstode — fylgje Han. Då avsluttar eg med nokre ord frå Johannes av Damaskus, frå hans forsvar av ikona (700-talet):

I tidlegare tider kunne Gud, som er utan form eller lekam,
aldri avbildast. Men no når Gud er sett i kjøtet i samtale
med menneske, lagar eg eit bilete av den Gud som eg ser.
Eg tilber ikkje materien; eg tilber materiens Skapar
som vart materie for mi skuld, som ville ta bustad i materien,
som fremja mi frelse gjennom materien.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

One comment on “«… som fremja mi frelse gjennom materien» (3. søndag i påsketida)

  1. […] Eg tolker dette slik: Ordet vart fattig då han tok på seg vår manndom. Han «gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik» (Fil 2:7). Vidare står det at vi — ved Hans manndom — er gjort rike. I denne søndagsmeditasjonen skreiv eg om det: I den tradisjonelle læra om Inkarnasjonen, «ikjøtinga», har guddommen bunde seg sjølv til — men ikkje, på «essensnivå», samanblanda seg med — døydeleg, kortvarig materie, så Han kan udøydeleggjere den gjennom nåde, gjennom å leve som eit sant menneske, utan synd. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s