Helvete og Guds nærver

Denne posten er ikkje eit «forsvar» av mitt syn på fortapinga, men ein post der eg vil ta opp det eg — i diskusjonar — har forstått er det Ortodokse synet. Dette synet tar utgangspunkt i 2Tess 1:9. i Bibelselskapets nye omsetjing står det: «Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt». Men i enkelte engelske utgåver av Bibelen, står det:

Who shall be punished with everlasting destruction from the presence of the Lord, and from the glory of his power… (KJV)

I Den ortodokse kyrkja tenker ein seg at fortapinga er i Guds nærver. I bloggen til Frederica Mathewes-Green står det nokre tankar om dette. Helvete er her erfaringa av Guds kjærleik — men med hat til den.

Eg kjenner ikkje gresk, og kan ikkje seie kva omsetjing av 2Tess 1:9 som er korrekt. Men her vil eg gå ut ifrå at det er den siste. Der står det at fortapinga kjem «frå Guds nærver», altså at dei som er fortapte er i Guds nærver. Det finst mange bibelstader som kan peike mot dette, og det tar Frederica Mathewes-Green opp i artikkelen sin. Ho tar mellom anna utgangspunkt i Kristi likning om den rike mannen og Lasarus i Lukas 16, orda i Salme 139:7-8 og forskjellen mellom kristne og ikkje-kristne:

[They] don’t all experience it (the Sheol/Hades) the same way. In Jesus’ parable of Lazarus and the Rich Man (Luke 16:19-31), the Rich Man is not sequestered in a bleak alternative dimension; he’s able to see Lazarus, and speak to Abraham. But he’s sure isn’t having a good time.How can this be? Because the real answer to the “where” question is “in the presence of God.” Nothing exists outside God, making the concept of “separation from God” only a handy metaphor. “Whither shall I flee from thy presence? … If I make my bed in Sheol, thou art there” (Psalm 139:7-8). In this life, we perceive that presence pulsing through all material Creation. In the next life that materiality will be dissolved, and we’ll be irradiated by the living energy that sustains the universe.

Those who love God and prepare themselves to assimilate his light will begin to be transformed even in this life; they become “partakers of the divine nature” (2 Peter 1:4). But those who resist and ignore God “harden their hearts” (Hebrews 3:15). If they “love darkness rather than light” (John 3:19), they will find the inescapable brilliance to be searing misery and paradoxical blindness. […]

How can the same Light affect people in different ways? Hearers of scripture in earlier generations would have seen this phenomenon every day. Before the age of electricity, light always meant fire. And fire requires respect. From earliest childhood they would learn that fire gives us warmth and light, but if mishandled, it deals agonizing pain, darkness and death. “Our God is a consuming fire” (Deut. 4:24, Hebrews 12:29).

“The same sun that melts wax hardens mud” is how Origen, the 3rd century Egyptian writer, put it. In the 4th century, St. Basil the Great used the story of the three young men in the fiery furnace (Daniel 3:1-30) as an illustration: the fire spared the prayerful trio, while the guards who threw them in were destroyed.

God’s presence is not just Light, and Life, but Love. And Love invites, but does not compel. The Prodigal Son’s older brother lived in his father’s loving abundance, but was bitter and resentful. To the pure, God’s purity shines clearly; but to the twisted, even His love appears untrustworthy and twisted (2 Samuel 22:27). St. Issac of Syria (7th century) wrote that those who suffer in the next life “are scourged by the scourge of love.”

Eg er sjølv usikker på kva eg skal meine om dette, men eg må innrømme at denne teorien er interessant. Kanskje er forskjellen mellom frelsa og fortapinga rett og slett slik som forskjellen mellom dei to brørne i historien om den bortkomne sonen? Den eine levde borte frå far sin, men kom tilbake og vende om. Han levde i nærveret til far sin, og var lukkeleg. Broren hans, derimot, var bitter og sint, sjølv om han dagleg levde i det same.

— Kjetil Kringlebotten

2 comments on “Helvete og Guds nærver

  1. stanley says:

    Eg trur sjølv ei slik tolking er på rett spor.

    Interessant blogg du har, forresten.

  2. Ja, eg trur ogaå at dette stemmer reint bibelsk. Kanskje ein kunne knytte det opp mot denne teksten (1Kor 15:25-28)?

    For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden. For alt har han lagt under hans føter. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er Gud som har lagt alt under han. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

    Det var også ein som nemnte at Bibelen har eit klart fokus på at mennesket skal vere “heilhjarta” eller “heil i si ferd” (1Mos 17:1, Sal 37:37, Sal 119:1, jmf. Matt 5:8), og at ein i Guds nævær vart “tvungen” til å leve som eit heilt menneske. Og at dersom ein kom inn og ikkje ville ha noko med Gud å gjere, så ville dette påverke korleis ein kjente Guds nævær, at ein hadde eit “heilhjarta hat” til dette. Eg veit ikkje, men ein kan jo lure…

    mvh–>

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s