Magien i Harry Potter og Narnia

Eg har delteke i mange diskusjonar om Harry Potter-bøkene, og i desse kjem det ofte fram påstandar om “forskjellane” mellom magien i desse og bøkene til Lewis og Tolkie. Magien i Potter-bøkene er visstnok okkult, seier dei, men magien i dei andre bøkene (til Tolkien og Lewis) er av ein heilt annan art. Dette siste er eg ueinig i, og det skal eg her sjå på.

Narnia vs. Harry Potter

I artikkelen Redemptive Rendition of Narnia skriv Dr. Ted Baehr om “forskjellane” mellom Rowling og Lewis sin bruk av magi. J.K. Rowling er forfattaren av Harry Potter-bøkene, for dei som ikkje visste det. Han skriv at:

C.S. Lewis made it clear in his novels that it is wrong to “use” magic, especially for personal gain, but even when people do such an evil thing, there is a deeper magic (or law) written into the creation by the Creator to right the wrongs.

Dette høyrest berre sært ut. Med kva grunnlag kan han seie at Lewis “eigentleg” meinte “lov” når han skriv om den djupare magien? Baehr skriv her at når Jadis (heksa) bruker den djupe magien, så er det “okkult magi”, men når Alslan bruker den djupare magien, så er det “lov”. Problemet er berre det at begge deler er skrive inn i skaparverket av Aslan. Baehr burde lese Prins Caspian. Der kan vi lese at halvdvergen Cornelius bruker magi for å hjelpe Caspian å flykte, og at Cornelius seinare berre bruker “litt enkel trolldom” for å finne Caspian og dei gamle narnianarane (Legenden om Narnia, s. 370). Dette er berre to enkle dømer av mange.

Enkelte prøver å omgå dette ved å seie at Narnia er eit anna land, og at magi er ein del av skaparverket der. Men dette er jo ikkje noko problem med Harry Potter-bøkene. Dei er lagt til Storbritannia, men det er likevel fantasi og eventyr, og då står forfattaren fritt til å endre på ting.

Dette er ikkje uvanleg. Dorothy Sayers skreiv minst to kriminalromanar der geografien spelte ei vesentleg rolle for plottet. I den eine — Have His Carcase — tilpassa ho geografien til plottet, i den andre — The Five Herrings tilpassa ho plottet til geografien. Begge delar er heilt greit. Difor er det heller ikkje noko problem at magi er naturleg i Harry Potter-bøkene. Eg kan jo også nemne at Midgard i Ringdrotten (Ringenes Herre) er vår verd mellom 2 og tredje tidshverv. Vi er i fjerde.

Inkantasjon og invokasjon

Ein viktig peikepinn i Harry Potter-bøkene er Rowling si bruk av uttrykket “incantations” om dei magiske formuleringane. Dette kjem dessverre ikkje fram i omsetjinga, mykje på grunn av at norsk er for fattig på det området.

Ut frå dette — og ut frå Lewis sin bruk av magi (han brukte også uttrykket “incantation”) — kan ein setje opp ein forskjell mellom “incantations” og “invocations”. Det sistenemnde, av lat. invocare, “påkalle”, er fordømt i Bibelen, og ein kan mellom anna lese om dette i Apg 8, der Simon prøver å kjøpe Heilagandens kraft, og bruke den magisk.

Det fyrste uttrykket er tatt frå det latinske incantare, “syngje med”, og dette kan ein tolke på forskjellige måtar. Eg skal her sjå på to måtar, og mi tolkning av magien i Harry Potter ligg nok i mellom desse.

1. Ein kan seie at ein “syng med Gud”, fordi vi er skapte i Hans bilete. I ei gammal jødisk soge heiter det at Gud sang fram skaparverket, og dette nytter Lewis seg av i Narnia-boka The Magicians Nephew. Der syng Aslan fram Narnia. Denne magien handlar ikkje om å påkalle noko, men handlar heller om å nytte seg av dei evner ein har (dette ser eg meir på i nr. 2).

2. Verda rundt Harry Potter er faktisk tom for det okkulte. Magien er ein naturleg eigenskap som enkelte har og enkelte ikkje har. Punktum. Dette minner meir om teikneseriar enn new age. Ein kan samanlikne bøkene med teikneseriar om superheltar. Enkelte har krefter som andre ikkje har, og må velje å bruke dette til det gode eller til det vonde. Dette kjem kanskje klarast fram i Spider-Man (Supermann er litt for nasjonalistisk for min smak). Han kunne brukt kreftene sine til bankraning, og i ei historie møter han — dersom eg ikkje hugsar heilt feil — ein person med same krefter som faktisk er kriminell.

Eller kva med X-Men? Er det stor forskjell (bortsett frå sjangertype, etc.)? Begge stader ser vi ei rekke folk med spesielle krefter som lever på ein skule for å lære seg å kontrollere desse kreftene, og velje det gode.

Dette tar Robert Kvalvaag opp i eit intervju med forskning.no:

– Magi er ikke bare magi, forklarer førstelektoren.- Trolldommen i Harry Potters verden er ikke overnaturlig magi, slik vi kanskje kjenner fra tradisjonelle religioner.

Det dreier seg ikke om guddommelige eller demoniske krefter, eller om manipulering av vesener fra en åndeverden. Rowling beskriver derimot magien som et håndverk som hekser og trollmenn må utføre på en logisk og fornuftig måte.

– Det er aldri snakk om å gjøre ritualer med ånder og demoner, men om å utnytte en slags naturressurs, mener Kvalvaag.

Og nettopp det er mitt poeng. Då avsluttar eg med to sitat:

“Do you think I am trying to weave a spell? Perhaps I am; but remember your fairy tales. Spells are used for breaking enchantments as well as for inducing them. And you and I have need of the strongest spell that can be found to wake us from the evil enchantment of worldliness which has been laid upon us for nearly a hundred years.” — C.S. Lewis, “The Weight of Glory”

“It cannot be argued that all forms of imagined magic are by nature evil. Such a view stilts the creative process our Creator endowed us with. Further, it degrades our ability to accept the supernatural. Our very being cries out that there is more beyond the realms of physical sense.” — Pastor Shaun, “On the Legitimacy of Magic in Fantasy Literature”

3 comments on “Magien i Harry Potter og Narnia

  1. olakis says:

    Jeg tror pastor Shaun oppsummerer det hele på en fornuftig måte. Jeg synes diskusjonen om god eller ond magi blir litt på siden (selv om jeg har merket meg at endel tar den diskusjonen veldig alvorlig). God eller dårlig litteratur tror jeg er en bedre innfallsvinkel. Fin blogg forøvrig.Forrige post var også veldig intressant og fikk meg til å finne frem igjen Gregor av Nyssas “Om sjelen og oppstandelse” som bla. tar for seg historien om Lazarus.

  2. olakis,

    Jeg tror pastor Shaun oppsummerer det hele på en fornuftig måte. Jeg synes diskusjonen om god eller ond magi blir litt på siden (selv om jeg har merket meg at endel tar den diskusjonen veldig alvorlig).

    Poenget ligg vel også i det at dei som ta dette svært alovrleg faktisk trur at denne magien verkar. Ein person eg diskuterte med brukte quidditch-kampane som eit symbol på det okkulte, fordi ein flaug på kosteskaft. Dette hadde aldri gått opp for han at dette ikkje finst i okkulte kretsar, men utelukkande innan eventyra.

    Forrige post var også veldig intressant og fikk meg til å finne frem igjen Gregor av Nyssas “Om sjelen og oppstandelse” som bla. tar for seg historien om Lazarus.

    Den skal eg prøve å få lest.

    PS! Kjenner eg deg?

    mvh

  3. olakis says:

    Nope! Men jeg studerte i Bergen for en del år siden,så at det kan finnes “fellesreferanser” skal du ikke se bort i fra. Fortsett med bloggen,den er bra.(likte særlig kommentaren på “kristenrussen”…)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s