Gudmennesket (4. søndag i påsketida)

Tekstane for 4. søndag i påsketida er Apg 4:8-12, 1Joh 3:1-2 og Joh 10:11-18. Den raude tråden som går gjennom desse tekstane blir nok best oppsummert av kyrkjefaderen Athanasius, på 300-talet: “Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort”. Kristus — Gud i kjøtet — er “den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein”, som Peter siterer det (Apg 4:11, jmf. Sal 118:22). Lat meg sitere evangelieteksten denne søndagen:

Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.

Fordi Gud tok på seg vår fattigdom, det menneskelege (2Kor 8:9a), og “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik” (Fil 2:7), kan vi få del i hans guddomlege rikdom (2Kor 8:9b), og få “del i guddomleg natur”, som det heiter hjå Peter (2Pet 1:4). Dette høyrest kanskje sært ut, spesielt for vestlege kristne, og kanskje spesielt for protestantar.

Men faktum er at dette — heilaggjeringa/guddomleggjeringa, også kalt “theosis” — var ei av dei viktigaste lærene i den tidlege kristendommen. Den seier at Inkarnasjonens hovudannliggande er heilaggjeringa/guddommeleggjeringa av mennesket.

Dette kjem av at vi er skapte i Guds bilete, i Hans likning. Det ein ofte gjer feil i møte med denne teksten (1Mos 1:26f), er at ein ser det utelukkande på bilogisk grunn. Men la oss sjå på dette. Viss dette er utelukkande biologisk, så er vi ikkje meir enn nokre litt ekstra intelligente dyr. Eg trur vi er skapte i Guds bilete, og at vårt kall er å bli Han lik. Den gresk-ortodokse presten Arkimandritt Christoforos Stavropoulos skriv:

Menneskene ble skapt i sin Skapers bilde og lignelse. Dette forhold til Gud er virkelig overveldende. Mennesket ble skapt i Guds billede, og hvert eneste menneske er kalt til å bli Gud lik. Vi er kalt til å bli guddommelige, ikke bare før syndefallet, men like meget etter det. (Stavropoulos: 2001: 13)

Johannes formulerer heilaggjeringa (målet for denne) slik: “Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.” (1Joh 3:2)

Vi er altså kalla til å ta del i den guddomlege naturen, ta del i den treeinige Guds liv. Den lutherske teologen Joachim F. Grün skriv om heilaggjeringa:

Helliggjørelsen — det handler om vår dypeste lengsel etter å bli hel, hellbredet og helstøpt, ved å bli mer og mer dratt inn i fellesskapet med Gud Fader, Sønn og hellig Ånd. Helliggjørelsen beskriver veien tilbake til vårt rette hjem, veien til å bli menneske fullt ut. Akkurat som en fisk er i vannet som sitt rette element, slik er vi fullt ut mennesker når vi ånder, lever og beveger oss og handler i Gud. (Grün: 2001: 43)

Folk seier at ein ikkje klarar å leve fult ut etter Guds målestokk, og det er sant. Men det betyr ikkje at vi ikkje skal prøve, at vi skal sitte å tvinne tommeltottar og vente på dommedag. Nei, vi skal prøve, og viss vi ramlar undervegs, så blir vi lyfta opp att av ein som veit kva det er å vere både menneske og Gud. Vi må prøve å leve etter Jesu bod.

Men korleis kan vi ta “del i guddomleg natur”? Vl ikkje dette stride mot det Bibelen elles skriv om Gud? Nei, fordi ein har sett eit skilje mellom Guds vesen og Guds energiar. Ola Breivega skriv:

Læra om skiljet mellom vesenet og energiane er grunnlaget for den ortodokse tolkingi av ordi i 2. Pet 1, 4 — “(Kristus) hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved dei skulde få lut i guddomleg natur”. Den sameiningi med Gud som mennesket er kalla til, er korkje hypostatisk — slik det er med Kristi menneskenatur — eller naturleg (knytt til vesenet) — slik sameiningi er mellom dei tre guddomlege personane. Det er ei sameining med Gud i energiane hans, eller ei sameining ved nåden. Nåden let mennesket få del i Guds natur, men mennesket sitt vesen vert ikkje dermed Guds vesen. I guddomleggjeringi vert mennesket ved nåden alt det Gud er av natur. Men det vert verande ein skapning — slik Kristus, motsett, vart verande Gud jamvel etter inkarnasjonen. (Breivega: 1994: 40)

Jesus er verdas ljos (Joh 8:12) — og gjennom Hans omlagande ljos får vi del i Guds energiar, og blir guddommeleggjorte, ikkje av natur eller vesen, men av nåde. Dette vart i middelalderen tatt opp i Den ortodokse kyrkja. I ortodoks tradisjon er nåden ikkje (utelukkande) eit juridisk begrep. Nåden er 1) Guds “sinnstilstand” overfor oss (Han er nåderik), og 2) Guds energiar. Vi tar del i Hans nåde — det uskapte ljoset — og blir gjennom det guddommeleggjort, og kjem inn i kommunion med Den treeinige Gud.

Det viktigaste med denne læra, var at den klarte å samanfatte desse tilsynelatande motstridande tinga: 1) Gud er ufatteleg og transcendent, totalt annleis enn oss, og 2) det Peter seier, at vi skal “få del i guddommeleg natur”.

Dette var ein klart bysantinsk måte å sjå på frelsa på — sjølvsagt ikkje frå Peters synspunkt — men i og med at det var dei store bysantinske teologane, mellom anna Maximos Vedkjennaren, som utbroderte det. Norman Russell skriv i artikkelen “”Partakers of the Divine Nature” (2 Peter 1:4) in the Byzantine Tradition”:

The deification of man is the characteristic Byzantine way of expressing the goal of human life. Far from implying a heretical notion of man’s absorption into God, as Western writers sometimes assume, the term encapsulates a number of widely differing approaches to the doctrine of salvation. (…) In Byzantine writers the emphasis falls on the Pauline aspect of filial adoption and incorporation into Christ, the sacraments becoming all-important as the means by which divine life is communicated to the believer. With Palamas the chief focus of deification settles on participation in uncreated grace, which enables the human person to transcend himself and live with the life of Christ, so that he becomes ‘uncreated through grace’. (Russell: 1998)

Athanasius sa at “Gud vart menneske, for at menensket skulle bli guddommeleggjort”. Gjennom Inkarnasjonen — og berre gjennom Inkarnasjonen — er guddommeleggjeringa blitt mogeleg. Men det er sjølvsagt ikkje snakk om å få fullstsendig del i Guds natur — vi blir ikkje guddommelege av natur. Det er stor forskjell på oss og Kristus. Han er av natur sann Gud og sant menneske, vi blir guddommeleggjorte/heilaggjorte av nåde.

Då avsluttar eg med nokre ord frå Joacim F. Grün:

Hvis vi mennesker skal komme inn i det fulle felleskap med Gud, må vi bli Ham lik (tilliknet). Det skjer ved at vi blir Kristus-lik, som det heter. “Vi vet at når han åpenbarer seg, skal vi bli ham lik, for vi skal se ham som han er.” Mystikerens og enhver kristens store lengsel er å se ham som han er. Men da må vi bli tilliknet Kristus. Derfor fortsetter Johannes: “Enhver som har dette håp til ham, renser seg, liksom Kristus er ren” (1. Joh 3,3). I den greske tekst kan “rense seg” også oversettes med “helliggjøre seg”. Det er håpet om å bli Ham lik og se Ham som Han er, som beveger oss til helliggjørelse. Det er helliggjørelsens store alvor at vi må bli helliggjort for å kunne se og leve i Guds, den Helliges, nærhet.Bibelen forstår helliggjørelse, ikke som en rent hinsisig, himmelsk hendelse etter døden. Paulus forstår helliggjørelse som noe som skjer med oss allerede her, og blir til slutt etterfulgt av det evige liv (Rom. 6,22). (Grün, J.: 2001: 47-48)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Kjelder:

  1. Breivega, Ola, Austanljos: Glimtar av ortodoks kristentru. Bergen: Norsk Bokreidningslag, 1994
  2. Grün, Joachim F., “Helliggjørelse — vår dypeste lengsel”. Over Alt, nr. 1. 2001, s. 43-55
  3. Russell, Norman, ” “Partakers of the Divine Nature” Nature” (2 Peter 1:4) in the Byzantine Tradition”. Porphyrogenitus, Camberly, 1998
  4. Stavropoulos, Christoforos, Deltakere i guddommelig natur. Den ortodokse kirkes lære om frelsen. Oslo: Hl. Trifon Skita, 2001

One comment on “Gudmennesket (4. søndag i påsketida)

  1. Grunn også på dette verset, og tenk at vi beveger oss nærare og nærare urbiletet:

    “Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.”

    (2Kor 3:18, Bibelselskapet, 1978/85)

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s