Kross og trengsle

I Bibelen kan vi lese mykje om «kross og trengsle» — sjølv om det nok ikkje er formulert akkurat slik. Dette kan ein også kalle for heilaggjering, eller «theosis». Ein snakkar her om frelsa som ein prosess — ikkje som ei forensisk eingongshending. Men kva er det eigentleg?

Tru, gjerningar og nåde

I Bibelen kan vi lese mykje om forholdet mellom gjerningar og tru. Jakob sa det nok mest radikalt, i det brevet som er rekna som det eldste i NT:

Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? (Jak 2:14)

Men står ikkje dette imot Pauli lære om nåden? I Ef 2:8f skriv han:

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.

Men kva er nåde — korleis definerer ein nåde? Både i dei lutherske kyrkjene (DLK) og i Den katolske kyrkja (DKK) seier ein at frelsa er av nåde åleine, men i DKK ein seier ikkje at frelsa er av «trua åleine», med utgangspunkt nettopp i Jakob 2, og i Pauli fortsetting av det oppfor siterte verset:

Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. (Jak 2:24)For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. (Ef 2:10)

Som sagt, så trur eg nøkkelen ligg i kva ein meiner om uttrykket «nåde». Og, for at vi skal få litt meir innsikt i det, så vil eg samanlikne med ei rettsak, der ein person blir benåda. Kva inneber det? Inneber det at den personen får «grønt kort» til å gjere kva som helst? Sjølvsagt ikkje. Fridom fordrar ansvar, som Paulus også er inne på i sitt brev til Galatarane:

Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket… De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det dykkar kjøt og blod vil, men ten kvarandre i kjærleik. For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. (Gal 5:1.13f)

Når dei første kristne skulle «setje namnelapp på» trua si, på det dei var, så sa dei rett og slett at dei fylgde «Vegen» (Apg 9:1f; (16:17); 19:9, 23; 22:4; 24:14, 22). Dei såg rett og slett på sin livsstil — slik ein mellom anna kan lese om den i Jakobs brev — som ein fukt av Guds nåde og kraft. Dei levde rett og slett ut trua si.

Kenosis og Theosis

Problemet med den motstanden mot «gjerningskristendom» ein finn i (enkelte) protestantiske krinsar, er at ein flytter fokuset. I DKK seier ein at frelsa er av nåde, men at mennesket kan arbeide på frelsa, arbeide på nåden. Seier ikkje Paulus akkurat dette i sit brev til Filipparane?

Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt. (Fil 2:12, mi utheving)

Og nettopp det brevet seier mykje om det kristne livet, om kva det er vi er kalla til. I v. 5-11 skriv Paulus:

Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.Difor har òg Gud opphøgt han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn. I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, Gud vår Far til ære!

Ein snakkar — spesielt i ortodokse og katolske krinsar — om frelsa og kristenlivet («Vegen») som ei utvikling frå kenosis til theosis. Kenosis er eit gresk ord som betyr uttøyming, og ein finn det i Fil 2:7, der det står at Kristus «gav avkall på sitt eige». I den engelskspråklege American Standard Version (ASV) står det at Kristus «emptied himself». Dette er vi også kalla til, det står jo i vers fem at vi la «det same sinnelaget vera i [oss] som òg var i Kristus Jesus!» Eller som Erik Gunnes seier det i si NT-omsetjing frå 1968 (omsett til nynorsk):

La Kristi sinnelag prege dykkar ferd

Dette tar Kristus opp spesielt i Matt 16:24ff:

Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (v. 24-26, mine uthevingar)

Vi er altså kalla til å uttøyme oss sjølv, vere tenarar frå kvarandre, innsjå kven vi er, og kva grenser vi har. Det er mykje visdom her. Sokrates snakka om et vi må «kjenne oss sjølv» — og det innebar også våre grenser. Men så står det vidare i brevet til Filipparane, v. 9-11, at Kristus igjen vart opphøgd. Og her kjem theosis — heilaggjeringa — inn.

Vi er kalla til å «få del i guddomleg natur» (2Pet 1:4), vi skal blir Guds barn (Joh 1:12), og — i himmelen — skal vi bli lik Kristus (1Joh 3:2). Og med det avsluttar eg med å sitere eit kort visdomsord frå Hl Johannes Krysostomos (omsett til norsk, frå engelskspråkleg kjelde). Tygg litt på den:

Det er ikkje nok å forlate Egypt, ein må også gå inn I Det lova landet. Mellom Egypt og Det lova landet er det ei øydemark.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s