Å vere i Kristus (5. søndag i påsketida)

Tekstane for 5. søndag i påsketida er Apg 9:26-31, 1Joh 3:18-24 og Joh 15:1-8. Lat meg sitere evangelieteksten:

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine disiplar.

Denne teksten handlar om kva det vil seie å vere kristen. Sist veke skreiv eg om Gudmennesket — at Gud vart menneske — og kva det hadde å seie for oss. Dette skal eg no jobbe litt vidare med.

Ut frå dagens tekst skal eg ta fram fire hovudpunkt i det Kristus seier; 1) at Han er “det sanne vintreet”, 2) at vi “er greinene”, 3) at “skilde frå [han] kan [vi] ingenting gjera” og 4) “kvar grein på [han] som ikkje ber frukt, tek [Faderen] bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.”

Kristus som vintreet — vi som greinene

Kvifor brukte Kristus akkurat vintreet som symbol? Kvifor ikkje oliventreet? Det skal jo også bære frukt. Eg trur at poenget ligg i greinene. På vintreet — i alle fall i måten ein dyrka vindruer i Israel på Kristi tid — så var det ikkje over –og undergreiner. Kvar grein vart knytt direkte til stammen. Difor brukte Kristus akkurat vintreet som bilete. I og med Kristus treng vi ikkje eit presteskap for å ofre for oss. Vi kan stige fram for Hans trone, forhenget er rivna i to (Matt 27:51, Mark 15:38). Men dette betyr sjølvsagt ikkje at prestesystemet er heilt avskaffa (sjå her og her).

“Skilde frå [han] kan [vi] ingenting gjera”

Paulus lærer oss — ved hjelp frå nokre greske filosofar/poetar — at det er i Gud “vi lever og rører oss og er til” (Apg 17:28). Og nettopp det trur eg er ein viktig ting å ta med seg. Alt vi gjer, det gjer vi fordi vi har fått midlane til det av Gud. Han har skapt oss — i sitt bilete — og berre han er verdig vår tilbeding og takk. Uansett kor mykje vi gjer, så har ikkje det noko å seie for vår frelse dersom det blir gjort utan Gud. Gud er kjærleik (1Joh 4:16), og dersom eg ikkje har kjærleik — dersom eg ikkje har Gud i sentrum — så er eg “ein ljomande malm eller ei klingande bjølle”. Då “er eg ingen ting”. Ja, då “har eg ingen ting vunne” (1Kor 13:1-3).

Reinsking og beskjæring

For dei som er kjent med kva det vil seie å ha eit tre med bær på, så er reinsking og beskjæring kjente ting. Eit tre (Kristus) har mange greiner (oss), og enkelte av dei er ikkje gode, dei ber ikkje frukt. Dei må fjernast, og det skjer ved at Faderen — Vingardsmannen — beskjærer greinene, fjerner dei som ikkje ber frukt, og reinskar dei som gjer det for vonde ting. Då avsluttar eg denne andakten med å sitere ein song av Nils Bolander frå 1933 (til norsk ved Sven Wisløff, 1952). Den står som nr. 401 i Sangboken, og har sin bakgrunn i teksten frå Johannes og i Job 1:21:

1. Herren gav og Herren tok, Solblank sjø og hav i kok, Harde slag og åpen favn: Lovet være Herrens navn!2. Gav han, var det salighet, Fryd som ingen grenser vet. Hver en dag som drog forbi Nåde var med glede i.

3. Tok han var det for å gi Signing, ufortjent å fri. Vingårdsmannens kvasse kniv Tuktet kun til evig liv.

4. Salig visshet, stor og sann: Om han tar, så gir dog han! Gledesbrev og sørgebud: Lovet være Herren, Gud!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Kjelde:

Sangboken. Oslo: Lunde, 1984, s. 269

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s