Tankar på grunnlovsdagen

I dag vel eg å bruke tekstane i Den norske kyrkja. Dagens tekstar er difor 5Mos 30:19-20a, Fil 3:12-16 og Joh 12:35-36. Eg siterer evangelieteksten:

Jesus svara: “Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.” Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

Kva er det eigentleg å vere “born av lyset”? Kva vil det seie å “leve i lyset”, som det heiter ein annan stad? Sjølv trur eg dette handlar om rettferdiggjering, som ikkje skjer utan gjerningar (Jak 2:14ff), og om dyder (eller dygder, som enkelte vel å kalle dei). I ei av salmane (NOS) som blir sunge i kyrkjene (DNK) landet over i dag, nr. 560, står det, i vers 3-5:

3 Ja, lat Guds ord frå bera
si grøde i kvar grend,
så du eit land må vera
som høgt i dygder stend,4 eit land som Gud velsignar,
der Andens grøde gror,
ein hage de det dignar*
kvar grein med frukt til jord,

5 der folk med kristne dygder,
med god og gudlæg sed
bur sælt i sine bygder
i lukke, kjos og fred!

* heng rikeleg ned

Hovudpoenget mitt med å sitere desse salmeversa, dikta av Elias Blix i 1896, er å få fram kva det er som er viktig med grunnlovsdagen vår; dei dydene/dygdene som landet vårt er bygd over. Grunnlovsfedrane som var samla på Eidsvoll på denne dagen, 192 år tilbake, hadde desse dygdene i bunn. Dei laga grunnlova vår, slik at landet skulle veksa fram i dygder, og ikkje ramla saman.

Men er det dette vi tenker på denne dagen? Kanskje ikkje alle. Russefeiringa, som har sitt “klimaks” denne dagen, står for alt desse landsfedrane ikkje stod for. Morten Magelssen kommenterer dette i bloggen Morbus Norvegicus:

Nietzsche forkynte “the transvaluation of all values”, der tradisjonell kristen (og dermed også humanistisk) etikk ble kastet på båten som undertrykkende “slavemoral”: Medfølelse, barmhjertighet, uselviskhet osv. skulle erstattes med sine motsetninger, av et moralsk subjekt som slik satte sammen sin egen moral. Dette er ikke annet enn ondskap.(En dårlig skrevet Dagbladet-kronikk trakk nylig fram russefeiringens særegne normer som eksempel på slikt nietzschiansk-inspirert subjektivt verdi-valg. Men når russen tar denne moralske frihet på alvor, og lager knuteregler som “voldta en russ fra Østfold”, hva er dette, annet enn ondskap?)

Er det dette som bør stå som teiknet for denne dagen? Nei, sjølvsagt ikkje. Vi må ta fram dei gode dygdene, leve etter dei, og gjere det i takkseing (eller eukaristi) til Gud.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

One comment on “Tankar på grunnlovsdagen

  1. […] må være ethvert riges første grundlov” 17 05 2007 På grunnlovsdagen i fjor skreiv eg ned nokre tankar omkring “dei dydene/dygdene som landet vårt er bygd over.” Eg skreiv […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s