Kristi himmelfartsdag

Tekstane for Kristi himmelfartsdag er Apg 1:1-11, Ef 4:1-13 (kortare: 4:1-7.11-13) og Mark 16:15-20. Eg skal (som vanleg) gå litt utanfor teksten. Men fyrst vil eg sitere teksten frå Apostelgjerningane:

I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærde, frå han begynte og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut. Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. Ein gong han åt saman med dei, sa han: “De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg. For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.”Medan dei var samla, spurde dei han: “Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?” Han svara: “Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av verda.”

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirde opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: “Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.”

I Fil 2:5, rett før Kristushymna (v. 6-11) skriv Paulus at vi skal la “det same sinnelaget vera i [oss] som òg var i Kristus Jesus!” Dei siste søndagane har eg skrive mykje om Inkarnasjonen, om at “Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort”, som Athanasius sa det. Noko av det viktigaste ved guddomleggjeringa er nettopp å la “det same sinnelaget vera i oss”, eller la “Kristi sinnelag prege dykkar ferd”, som det heiter i ei anna omsetjing. Innan Kappadokisk teologi og antropologi var dette svært sentralt.

“Kappadokisk antropologi representerte noe helt nytt,” fortel professor Jostein Børtnes og professor Tomas Hägg (pdf-fil, s. 7) ved Universitetet i Bergen: “det var fundert på Inkarnasjonens mysterium: at Gud ble menneske ved Jesus Kristus. Dette var forutsetningen for deres lære om theosis, dvs. læren om at Gud ble menneske forat menneskene skulle gjenvinne sin guddommelige skikkelse ved å forme sitt liv som en imitatio Christi.”

Men kva har det med Kristi himmelfart å gjere? Jo, Kristus levde som menneske. Og gjennom hans liv, død og oppstode får vi evig liv. Men det er i og med himmelfarten at vi vart “tatt opp til Gud”. Når Kristus tok oss opp til Gud, tok han det menneskelege opp i himmelen. Fyrst hadde han latt det endelege få del i det uendelege. Ved himmelfarten fekk det uendelege del i det endelege. Då avsluttar eg med å sitere Gerard Loughlin, “Time”, The Oxford Companion to Christian Thought:

Moderniteten er ikkje velutrusta til å forstå kva som er det sentrale i kristen tanke, nemleg at det evige og det timelege ligg så nær kvarandre i Jesus Kristus.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s