Apostlane og kommunionen med Kristus (7. søndag i påsketida)

Tekstane for 6. søndag i påsketida er Apg 1:15-17.20a.20c-26, 1Joh 4:11-16 og Joh 17:11b-19. Lat meg sitere evangelieteksten og fyrste leseteksten (frå Apg 1):

Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt. Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast. No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda. Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde. Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda. Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.
(Joh 17:11b-19)
Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne. Det var samla om lag hundre og tjue menneske. «Brør,» sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag… For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan få tilsynstenesta hans! Nokre menn var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut blant oss, heilt frå byrjinga, då han vart døypt av Johannes, og til den dagen han vart teken frå oss opp til himmelen. No må ein av desse saman med oss vera vitne om at han er stått opp.»

To menn vart kalla fram: Josef, som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarte, vis oss kven av desse to du har valt ut til å ta plassen etter Judas og overta den aposteltenesta som han gjekk ifrå då han fór til sin eigen stad.» Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.
(Apg 1:15-17.20-26)

I Kristi øvsteprestelege bøn, i Joh 17, kan vi lese at Kristi bed for apostlane sine. «Heilage Far, hald dei fast i ditt namn,» seier Han. Kva dette betyr, trur eg vi delvis for svar på i den fyrste leseteksten, og i det vi lærer om biskopane.

I Apg 1:20 les vi at Peter, den fremste blant likemenn, tolka ein gammaltestamentleg profeti til å handle om tilsynstenesta — biskoptenesta — i Kyrkja. Profetien finn ein Sal 109:8, der David seier: «Lat hans levedagar verta få og ein annan ta hans embete!»

Men kva har embetet med det Kristus snakkar om i sin øvsteprestelege bøn? I den bøna ber Kristus for sine læresveinar. «Eg vakta dei,» sa Han, «og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast.» (Joh 17:20b) Og dei kristne er eit fellesskap av folk knytt til apostlane, tilsynsmenna. I posten min om
prestar og biskopar i Bibelen skreiv eg:

Eg får ofte — spesielt frå dei såkalla «frikyrkjelege» — spørsmål om det i det heile tatt finst noko argument for at vi skal ha biskopar som «står over andre truande». Dette siste er sjølvsagt formulert negativt, og vitnar om 1) skepsis mot autoritetar og 2) at desse biskopane meiner seg «åndeleg overlegne». Men før eg kommenterer dette, la oss sjå på dei stadene i NT der biskopane, episkopatet, er klart uttrykt. [her siterte eg Apg 20:28, Fil 1:1, 1Tim 3:1f, Tit 1:7 og 1Pet 2:25. Den siste var om Kristus, men eg meiner at dette berre styrkjer posisjonen, og viser at biskopane gjer dette som ei teneste frå Kristus.]

Dette systemet er det dessverre ikkje mange kyrkjer som framleis heldt på. Den kristne kyrkja skal vere i kommunion med Kristus, med apostlane og med biskopane, tilsynsmenna. Som Ignatius av Antiokia (død ca. 110-115) sa det: «Der biskopen er, der skal også heile folket vera — akkurat som den katolske kyrkja er der kor Kristus er.»

Dette vart sagt av ein av dei tidlegaste kristne, og kan ikkje bortskyvast som «katolsk vranglære,» slik mange gjer. Pave Klemens 1 skreiv også om dette i sitt fyrste brev til Korint, der han skriv om dette i kap. XXXVIII-XLIV. I de sistnemnde (XLIV) skriv han (engelsk omsetjing):

Our apostles also knew, through our Lord Jesus Christ, and there would be strife on account of the offic of the episcopate. For this reason, therefore, inasmuch as they had obtained a perfect fore-knowledge of this, they appointed those [ministers] already mentioned, and afterwards gave instructions that when these should fall asleep, other approved men should succeed them in their ministry. We are of opinion, therefore, that those appointed by them, or afterwards by other eminent men, with the consent of the whole Church, and who have blamelessly served the flock of Christ in a humble, peaceable, and disinterested spirit, and have for a long time possessed the good opinion of all, cannot be justly dismissed from the ministry. For our sin will not be small, if we eject from the episcopate those who have blamelessly and holily fulfilled its duties. Blessed are those presbyters who, having finished their course before now, have obtained a fruitful and perfect departure [from this world]; for they have no fear lest any one deprive them of the place now appointed them. But we see that ye have removed some men of excellent behaviour from the ministry, which they fulfilled blamelessly and with honour.

«Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning,» seier Kristus. «Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.» (Joh 17:17-19) I ein annan situasjon sa han: «Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» Dette er aposteltenesta, gjort i kommunion med Kristus, og under Peter, den fremste blant likemenn, som fekk denne formaninga fyrst (Matt 16:19). Og vi skal vere i kommunion med desse apostlane og biskopane.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s