Evolusjon og Dagbladet sin religiøse ignoranse

Dagbladet kan no melde at “Vatikanets eigen atronom” (han er vel eigentleg “director of the Vatican Observatory”), Guy K. Consolmagno, ikkje trur at skapingssoga skal lesast heilt bokstavleg:

– Troen om at Gud skapte universet på seks dager er en ugrunnet overtro som bringer troslæren i vanry og fornedrer vitenskapen. Denne oppsiktsvekkende uttalelsen kommer fra Vatikanets egen astronom, Guy J. Consolmagno.

Kunne nokon forklart meg kva som er så oppsiktsvekkande med dette? Dette er jo Vatikanet sitt offisielle standpunkt, og Consolmagno uttaler seg her om kreasjonistar. Og eg tenkte å utnytte situasjonen til å gjere det same.

I denne posten tar Morten Magelssen opp saka om evolusjon og kreasjonisme, og påpeiker at Gud er både transcendent og immanent i sitt forhold til skaparverket. Det vil altså seie at Han står utanfor, han er over det skapte, samstundes som han held skaparverket oppe, og kan bryte inn. Krondømet på dette må vel vere Inkarnasjonen.

Magelssen påpeiker at immanensaspektet er meir foreinleg med evolusjonsteorien enn med kreasjonismen, og skriv:

Aubrey Moore forstod dette da han i 1889 skrev (oversatt og forenklet):”Evolusjonsteorien er langt mer kristen enn kreasjonismen. For den impliserer Guds immanens i naturen, og hans allestedsnærværende skapende kraft. De som går imot evolusjonsteorien (…) synes å ikke ha forstått at en teori om at Gud iblant intervenerer, impliserer som et korrelat at Gud til vanlig er fraværende”.

(…)

Kirkefedrene var ikke i tvil: “Jeg tror ikke at noen vil tvile på at dette er billedlige uttrykk som er uttrykk for mysterier”, skrev Origen (år 231). Augustin ga uttrykk for det samme i sin kommentar til 1. Mosebok (ca. år 391).

Mitt syn er derfor at evolusjonsteorien ikke bare er forenlig med et kristent verdensbilde, men at den er kreasjonismen teologisk overlegen.

La dette synke inn, før eg avslutter med to sitat frå Consolmagno:

Intelligent Design reduces and belittles God’s power and might.

Og, etter hukommelsen:

Intelligent Design is not only bad science, but also bad theology

— Kjetil Kringlebotten

5 comments on “Evolusjon og Dagbladet sin religiøse ignoranse

  1. Nok en bra post, er så enig. Men dessverre kan jeg forstå hvordan Dagbladet (og andre) kan skrive slike ting, ettersom det ER veldig mange kristne som motsetter seg alt som lukter av ”utviklingslære, gammel jord og big bang”. Hadde senest i dag en stor diskusjon med en i klassen om dette, og det var på mange måter en veldig ”låst” diskusjon hvor det meste av det jeg sa ikke så ut til å gå ”hjem” hos mottakeren. Tror dette problemet er størst blant lekfolket da… Det skulle bare vært mye mer god litteratur om dette på norsk…

  2. Så einig, så einig. Ein interessant ting er at grunnen til at folk er så imot evolusjon ligg i 1) at dei ikkje skjøner kva som står i 1Mos 1-2, 2) dei skjøner ikkje kva bok Bibelen er, og 3) dei skjøner ikkje kva evolusjonsteorien er.

    1) Kva som står i 1Mos 1:

    Ordet som betyr “skape ut av ingenting”, bara, finn ein berre eit par stader i 1Mos 1, nemleg i v. 1, 21 og 27. I v. 1 er det snakk om sjølve himmelen og jorda, i v. 21 står det om “dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag.” I v. 27 er det snakk om at Han “skapte (…) mennesket i sitt bilete…”

    Eit anna ord som også er omsett med “skapte” (hugsar dessverre ikkje ordet) finn en i v. 25. Det betyr, som vi ser i v. 24 “gå fram” eller utvikle seg. “Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.” (v. 24)

    2) Kva bok er Bibelen

    Bibelen er ikkje noko manual i naturvitskap. Bibelen ramla ikkje ned frå himmelen, slik enkelte protestantar ser ut til å tru (og slik enkelte muslimar trur om Koranen). Bibelen er fortalt av menneske, beskrive gjennom deira kunnskap. Sidan ein ikkje kjente til evolusjonen på den tiida, ville det berre vore forvirrande om ein skulle bruke dette.

    Samanliknar ein skapingssoga med dei mesopotamiske, så ser ein at den er nærast prikk lik, men med ein “liten” forskjell: sola og månen er ikkje gudar, men “dei to store ljosa” (1Mos 1:16). Vidare ser vi at resten av skaparverket også er utanfor Gud, at Gud ikkje er ein del av skaparverket, slik vi ser det i panteismen.

    Difor kan vi seie at skapingssoga tar tak i ei mesopotamisk myte — som mange på den tida sikkert kjente til — og tolka den i ljos av den fyrste bodet; “Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg…” (1Mos 20:3)

    3) Kva er evolusjonsteorien

    I fylgje kreasjonistane så er evolusjonsteorien frambrakt på grunn av forakt mot Gud. Eg ser ikkje problemet med denne teorien (eg ser heller ingen problem i forholde til Bibelen). Mange kristne — inkludert meg — trur at Gud, blant anna, er “den fyrste årsak,” og dermed ser eg på evolusjon — at jorda ikkje har stått stille — som eit klarare “bevis” for Gud enn det kreasjonistane står for.

    mvh

  3. Svein says:

    Ikkje så verst, sjølv om du kunne gjort da betre. Eg vil ikkje sei meg heilt enig i alle dei påstandane som du kjem med angåande kvifor folk vil forkasta evolusjonsteorien, skjønt da e nett påstanden om att folk ikkje veit kva evolusjonsteorien er, kluet er vel att folk flest ikkje veit kva evolusjonsteorien innebærer. Samstundes kan ein også sei att sett utifrå dastora smellet teorien, og evolusjonsteorien så e da ein del avvik frå den bibelske skapelsesberetninge. Skjønt da e kanskje mindre bagatellar, som har oppstått i og med kva kunnskap forfattarane av skapelsesberetninga har hatt. F.eks. jmf. evolusjonsteorien oppsto alt livet i havet først, både eincella, og fleircella organismar, mens gjennom den bibelske skapelsesberetninge vart plantelivet på jorda først utvikla. Dernest seier også bibelen att livet i havet, og dyra som flyger kom samstundes, stikk i strid med evolusjonsteorien, og dei funna som til no er vorte gjort av forhistoriske levningar. Samstundes som ein også må påpeika att evolusjonsteorien har mange hull, og manglar.

    Ein kan også nemna att heila begrepet om evolusjon, omhandlar att artane skal tilpassa seg den naturen dei lever i. Skjønt dette er i bunn og grunn eit av dei største argumentet for ein eller anna form for gudommelig innbalndelse i verdens gang, og artenas utvikling. Kort fortalt, utan gudommeligt inngrep, vert da heller ikkje eit stort mangfall. kvifor skulle da vore sp mange forskjellige artar, om da kunne ha utvikla seg ein superart for mange millionar av år sida, som var 100% tilpassa den naturen som me lever i, mange artar er ikkje så naturleg som ein skulle tru, samstundes som ein kan stilla seg spørsmålet om kvifor det ikkje har komt nokon ny art opp ifrå havet, som det angivelig skall ha gjort ein gong i tida.

    Men til sjuande og sist vil eg meina å påstå att både, da stora smellet-, evolusjons-teorien, og skapelsesberetningen, er alle sammen ein del av ein overlagt sannhet. Alle har nok noko som er sant i seg, mens ein god del er berre for å forenkla, og forklara. Etter mitt syn er alt skapt av Gud, og Gud har skapt alt slik att det skal kunna utvikla seg, og tilpassa seg.

    Men det er her også viktigt att me må vurdera alt nøye, og væra særs kritiske til alt som me ikkje kan bevisa direkte, for det som viser seg om og om igjen, er att det er stor forskjell på teori og praksis. Det skal jo seiast att Darwin som laga evolusjonsteorien, forkasta den etter att han vart ein kristen mann, og alle matematiske modellar som me har for å forklara alt med, kan ikkje forklara da stora smellet.

  4. Svein,

    Eg er stort sett einig med deg, men vil kommentere eit par ting:

    1. Eg trur ikkje rekkefylgja ein finn i skapingssoga er så viktig som mange kreasjonistar skal ha det til. Eg trur rett og slett at ein tok tak i ei gammal mesopotamisk myte, og tolka den i lys av det fyrste bodet.

    2. Det er nok dessverre berre ei myte, ein vandrehistorie, at Darwin skal ha forlate sitt standpunkt. Ei kreasjonistisk side som eg stort sett er ueinig med, Answers in Genesis, er ærlege nok til at dei har lagt ut ei liste med argument som kreasjonistar ikkje bør bruke.

    Nr. 1 på lista er nettopp dette at Darwin skulle ha gitt opp teorien sin på dødsleiet. Det står:

    Many people use this story, originally from a Lady Hope. However, it is almost certainly not true, and there is no corroboration from those who were closest to him, even from Darwin’s wife Emma, who never liked evolutionary ideas. Also, even if true, so what? If Ken Ham recanted Creation, would that disprove it? There is no value to this argument whatever.

    Les også artikkelen som blir linka til (men husk at den er kreasjonistisk).

    mvh

  5. Dette med at Darwin skulle ha forlatt teorien sin – og blitt en kristen – er også noe jeg har hørt fra veldig mange kristne. Detirriterer meg, ikke bare fordi det er feil historisk sett, men fordi jeg ikke kan få dem til å forstå at hva Darwin selv måtte mene egentlig er helt irrelevant. Det er bevisene som teller, ikke om jeg mener ditt eller datt…

    Det kanskje verste resultatet av alt dette, er “imaget” vi skaper hos ikke-kristne, som da vil tro at for å bli kristen må man fornekte all vitenskap…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s