Pinsedag

Tekstane for Pinsedag (andre tekstrekkje) er Apg 2:1-11, Gal 5:16-25 og Joh 15:26-27.16:12-15. Lat meg sitere epistelteksten:

Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje lystene i dykkar kjøt og blod. For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå vårt kjøt og blod: hor, umoral, usømd, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! Dei som høyrer Kristus til, har krossfest sitt kjøt og blod med lidenskapane og lystene. Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden.

Kva kan eg skrive om på pinsedag som ikkje høyrest ut som preika i fjor, og som like fullt er innanfor Tradisjonen sine grenser? Dette er eit vanskeleg prosjekt, og eg trur ikkje eg klarar det fullt ut. Det siste — å halde seg innanfor den kyrkjelege Tradisjon skal eg nok klare — det fyrste blir det kanskje verre med.

“Pinse er Den Hellige Ånds høytid,” sa Knut Svenning, sokneprest i Rjukan menighet (DNK) i si preike på pinsedag 2004 (pdf-fil). “For jødene var pinsen en stor fest for føstegrøden ved starten av hvetehøsten,” fortsett han litt lenger ned i preika, “men også til minne om at Gud av moseloven på Sinai.” Og dette skal stå som eit utgangspunkt for de eg her skal skrive om.

I dagens episteltekst skriv Paulus det eg vel å kalle “Andens lovbok,” ei rekkje formaningar om det kristne livet, om livet i Heilaganden: “Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje lystene i dykkar kjøt og blod. For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova.” (Gal 5:16-18) I Joh 1:17 står det at “lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.” Men dette betyr sjølvsagt ikkje at vi skal vere lovlause. Kristus seier litt om dette i Joh 14:15-17:

Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.

På Sinai fekk jødane lova, i Kristus fekk vi nåden og sanninga, og i Anden fekk vi god hjelp til å leve etter Kristi bod. Pinsen er verkeleg Heilaganden si høgtid, høgtida vi minner om då Kyrkja fekk sin “elddåp,” for å bruke ein passande metafor.

Men kva er det å vere kyrkje? I Pauli brev kan vi lese om at Kyrkja er Kristi lekam, og at vi kristne er lemmane. Men vil ikkje det bety at Kyrkja skal vere synleg, og ikkje usynleg, slik mange meiner? I sin bloggpost om konversjon til Den romersk-katolske kyrkja, “My Canterbury Trail to Rome,” skriv Fader Taylor Marshall, ein tidlegare episkopal prest i Texas, om nettopp dette:

Why would a man in his right mind want to become a Catholic?!Fundamentally, I am a Catholic because I believe with all my heart that the Church is the Body of Christ. The Church is not the invisible Soul of Christ. There is no such thing as “an invisible Church,” because the Church is defined as “the Body” which is a visible empirical reality.

Denne er ikkje meint som noko forsvar av Den katolske kyrkja — eg trur at vi finn kristne i alle kyrkjesamfunn — men eg trur at vi kristne skal vere samla, slik Kristus sa det i Johannes 17. Difor bruker eg pinsedagen til å formidle mitt håp om at vi ein gong — før vi kjem til himmelen — blir foreina, at vi blir “eitt slik som [Faderen og Sonen og Anden] er eitt.” (Joh 17:23)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s