Individuell barnetru

I laurdagens utgåve av avisa Vårt Land (3.5.06, s. 14-15) står det ein artikkel om Jo Strømgren Kompani sitt seinaste teatersprosjekt; “Klosteret,” eit skråblikk på samfunnet, med utganspunkt i livet til tre nonner. Eg skal ikkje skrive noko melding av teaterstykket her (eg har ikkje sette det), men eg vil kommentere noko Jo Strømgren sa til Vårt Land i den nemnte artikkelen:

– Eg har enorm respekt forn det truande mennesket. Men religion som masserørsle skremmer meg litt. Der den individuelle barnetrua forsvinn i staffasje og rituell forvirring…

Eg skal her ta for meg forskjellige delar av sitatet:

Det truande mennesket vs. religion som masserørsle

Utan at eg veit kva Strømgren meinte med dette, så må eg innrømme at det fyrste som datt inn i hovudet mitt var ordet “postmodernisme.” For — som eg påpeika i denne posten — kva er poenget med å ha ei individuell tru dersom den ikkje er sann? Folk som trur på noko, trur jo på det fordi dei meiner det er sant, ikkje for berre å vera eit “truande menneske.” Og konsekvensen av dette — at ein trur at det er sant — vil nødvendigvis vere at ein vil at fleire også skal tru på det. Og difor vil det til slutt — om fleire trur på det — bli ei masserørsle. Er dette galt i seg sjølv? Sjølvsagt ikkje. Om noko er sant, er det berre positivt om mange trur det. Om det ikkje er sant, er det sjølvsagt negativt. Men det er berre tull å sette slike falske skiljeveggar mellom “det truande mennesket” og “religion som masserørsle.”

Den individuelle barnetrua vs. staffasje og rituell forvirring

Kva er det med enkelte menneske og det sjukelege fokuset på “barnetrua”? Bibelen — som nonner les — slår fast at barnetru ikkje er noko vi skal strekkje oss etter. Barnetru er det vi byrjar med, og det vi utviklar oss frå. “Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar,” står det i Hebrearbrevet, “men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.” (Hebr 5:12-14)

At Strømgren bruker uttrykket “staffasje og rituell forvirring,” viser berre kor lite han kjenner til religion. Mennesket treng symbol og staffasje. Når protestantismen vart innført i Noreg, trur du at folk kasta vekk symbola? Nei, det gjorde dei ikkje. Og når protestantismen hadde fått skikkeleg fotfeste — og det hadde gått så lang tid at folk hadde gløymt den katolske “staffasjen og rituelle forvirringa” — så byrja folk å søkje til andre ting. Eg trur — utan at eg skal legge for mange skuldingar på folk — at protestantismens “biletforbod” er ein av grunnane til at ting som Tarotkort og krystallar er så populært. Folk treng staffasje.

Vidare er det jo slik at dette som visstnok skal vere så “enkelt og lettfatteleg,” faktisk har sin bakgrunn nettopp i slik “staffasje og rituell forvirring.” Kristus sa at vi skulle feire nattverden til minne om Han. Og det gjer vi. Oskar Skarsaune påpeiker at kristendommen ikkje var primitiv, for så å ta opp i seg “heidenske element” og bli “komplisert.” Nei, kristendommen sine ritual har vore med frå byrjinga, med utgangspunkt i jødiske ritual. Dette les vi om i Skarsaune si bok
In the Shadow of the Temple: Jewish Influences on Early Christianity.

Då avsluttar eg dette innlegget med ein treffande kommentar frå Bjørn Are Davidsen, henta frå boka Da kvinnen fikk sjel — og andre historier (s. 21):

Vi er gitt hodet også for å bruke det i møte med ulike typer påstander, enten de er positive eller negative til kristendom. Følelser og åndelige opplvelser er viktige i et helhetlig kristenliv — sammen med å hjelpe hverandre til bevisst «voksentro».

— Kjetil Kringlebotten

Kjelder

  1. Davidsen, Bjørn Are, Da kvinnen fikk sjel — og andre historier. Oslo: Luther, 1998
  2. Walgermo, Alf Kjetil, “Rabalder i klosteret.” Vårt Land, laurdag 3. juni 2006, s. 14-15

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s