Religion og sjølvtenking

I boka Tanker om tvil og tro: Ni fjernsynsintervjuer ved Haagen Ringnes (Oslo: Cappelen 1969) er det eit intervju med Margrete Bonnevie, tidl. Norsk politikar og kvinnesaksforkjempar (som var gift med Thomas Bonnevie, tidl. norsk høgsterettsdommar. I intervjuet spurte Haagen Ringnes ho om kva ho—i motsetnad til kristne—bygde livet sitt på. Ho svara (s. 11-12):

Jeg har forsøkt å bygge mitt livssyn på rasjonell tenkning. Jeg tror på en størst ulig utvikling av ekte menneskelige verdier, uten overnaturlig styrelse. (…)Jeg følte da [i voksen alder, etter konfirmasjonen] at det var noe visst hyklersk og usant i den alminnelige holdning til religionen, og det demret for meg at kristendommen hadde svært lite med virkeligheten å gjøre. Da jeg så ble kjent med Thomas Bonnevie, som jeg snart etter giftet meg med, syntes jeg det var et stort pré at han, som var en av de meget få den gang, åpen bekjente sitt brudd med religionen. Og i de noen og femti år som er gått siden den gang, er eg blitt mer og mer overbevist om at det gamle, nedarvede, metafysiske stenger for en sunn og naturlig utfoldelse av livet.

Eg tenkte her å “spørje ho,” eller snarare andre med same livssyn, nokre spørsmål omkring dette:

Rasjonell tenking

Kva meiner ein eigentleg med at ein skal byggje sitt livssyn på “rasjonell tenking”? Finst det noko meir diffust utsagn enn dette?

Betyr dette at religiøse menneske ikkje tenker rasjonelt? Er rasjonell tenking det same som ateisme? Bonnevie samanliknar litt seinare i intervjuet (s. 12) “den enorme forskjell” mellom utviklinga i teknikk og etikk, og kommenterer at vi i “den mekaniserte sektor har (…) nådd en formelig uhyggelig utfoldelse, mens vi på det etiske neppe står høyere enn for to tusen år siden.” Og så avsluttar ho på kjent vis med at grunnen må vere at “de førende land i to tusen år har bygget sin moral og sitt livssyn på de gamle dogmer.”

Mitt spørsmål er; endrar sanninga seg med tida? Blir noko som var etisk galt brått etisk rett fordi vi får nye tider? Blir gift bra med tida? Og dersom dogmene var sanne for to tusen år sidan, er dei brått blitt usanne no? Ein kan jo også spørje kva dei byggjer sin moral på: er det “tidsåna” eller er det kanskje “magekjensla,” driftene og kjenslene (altså ikkje fornufta)? I boka The Abolition of Man, i hovudessayet “Men Without Chests,” skreiv C.S. Lewis om dette, og kommenerte at moralen hadde blitt meir og meir styrt av den diffuse “magekjensla,” og ikkje den rasjonell fornufta. Han brukte eit bilete, og sa at mennesket består av hovud (det åndeleg-rasjonelle), brystkasse (viljen, sinnet) og mage (driftene, kjenslene). Han skreiv:

The head rules the belly through the chest—the seat, as Alanus tells us, of Magnanimity, of emotions organized by trained habit into stable sentiments. the Chest-Magnanimity-Sentiment—these are the indispensable liaison officers between cerebral man and visceral man. It may even be said that it is by this middle element that man is man: for by his intellect he is mere spirit and by his appetite mere animal.

Eg er einig med Bonnevie om at rasjonell tenking er bra, men eg er ueinig i hennar snevre definisjon av omgrepet. Lewis — som var ein av dei fremste kristne apologetar i si tid — sette nettopp fokus på rasjonell tenking i si lære om etikk og moral.

Hyklersk og usant

Kva er det med haldninga til religion som er hyklersk og usant? Dersom ein person — mellom anna meg — trur at kristendommen er sann, då er det ikkje hyklersk å konfirmere seg. Dette utsagnet var meir eit skot i foten enn noko anna. For kven er den hyklerske her; dei som trur at religionen er sann, og konfirmerer seg, eller Bobbevie som ikkje trudde religionen var sann, men som likevel konfirmerte seg?

Sunn og naturleg utfolding av livet

Kunne folk vere så snill å forklare kva ei “sunn og naturleg utfolding av livet” er for noko. Og kva er det med det metafysiske som stenger for dette? Meiner ein at å tru på Gud på nokon måte hemmar mennesket? Og ein siste ting: kva er galt i at Gud hemmar mennesket? Skal mennesket vere heilt utan grenser? Er vi ikkje meir enn avanserte dyr?

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s