Treeiningssøndagen

Tekstane for treeiningssøndagen er 5Mos 4:32-34.39-40, Rom 8:14-17 og Matt 28:16-20. Eg siterer epistelteksten:

Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk den Anden som borna har, den som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

Kva kan denne teksten fortelje oss — spesielt i lys av Den treeinige Gud? Fyrst; kva er det vi eigentleg les her? Det står at vi “fekk den Anda som borna har,” Heilaganden, og at vi er Guds born, “Guds arvingar og Kristi medarvingar.” Dette trur eg blir betre uttrykt av Peter, i 2Pet 1:4, der det står at vi — gjennom Kristus — får “del i guddomleg natur.” Vidare forklarar Paulus meininga bak Inkarnasjonen — “ikjøtinga” — når han, i Kol 2:9f (1978/85-utgåva) skriv: “For i [Kristus] bur heile guddomens fullnad lekamleg, og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.” Og så har vi “rosina i pølsa,” eit kort lite vers frå Kristi øvsteprestelege bøn, Joh 17:11: “Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.”

Det er altså slik at vi — i Kristi nåde (jmf. 2Kor 8:9) skal bli Guds born, få “del i guddomleg natur,” få del i “guddomens fullnad,” og vi skal “vera eitt slik som [Faderen og Sonen] er eitt.”

Kva dette inneber vil vi nok aldri i dette livet få skikkeleg innsyn i. Men litt innsyn trur eg vi har, og eg trur at den læra vi har om Gud er heilt avgjerande for kva ein seier om det eg her tar opp.

Dersom vi skal halde oss til den modalistiske læra, at Gud er éin person som berre har openberra seg som Fader, Son og Heilag Ande oppetter historia, så møter vi på nokre problem. I denne retninga held ein fast på det guddommelege ved kvar “person,” men på ein heilt anna måte enn i treeiningslæra. Personane blir framstilt som ulike måtar (derav modalisme) Gud har vist seg i historia. Først — i Israels historie — som Jahve, Faderen, så — i Inkarnasjonen, i Jesu liv — som Sonen, og så — i kyrkjas tid — som Anden. Dette er den mest vanlege modalismen; den historiske sabellianismen, etter presten Sabellius, som meinte at Gud openberra seg i forskjellige “roller” i historia. Ein har også ein annan type modalisme, som meiner at Gud “bytter rundt” på rollene.

Modalismen gjev ei enkel løysing på gudssynet; den fortel at Gud er éin (person) med forskjellige “roller” eller “masker.” To måtar å forklare Gud i eit modalistisk syn, er 1) vatnet; Gud er flytande, i hard from (is) og i gassform (damp). 2) Gud blir forklart ut frå at ein mann er far til sitt barn, son av sin far og talsmann for sitt selskap. Men det er nokre openberre problem med å bruke modalismen som modell på Gud, spesielt i Det nye testamente. Dei problema vi står over, er korleis ein skal få desse tre tinga til å stemme ilag: 1) Det er berre éin Gud, 2) det er tre personar som blir kalla Gud — Faderen, Sonen og Heilaganden, og 3) desse står i relasjon til kvarandre. Om modalismen er sann, så vitnar Kristi dåp (Luk 3:21f) om at Gud anten 1) er schizofren, fordi han opererer med tre roller samstundes, eller 2) at Gud leikar med oss, lurer oss til å tru at Han er tre. Eg trur ikkje noko av det stemmer. Problemet med modalismen, spesielt med den forma der Gud “bytter rundt på rollene,” er at vi sit igjen med ein Gud som ber til seg sjølv, som sit ved si eigen høgre hand og som har ein relasjon til seg sjølv. Dale Tuggy skriv:

Modalism has no problems with consistency and intelligibility, but it fails badly as a way to read the New Testament. If modalism were true, it would be a mistake to think that the Father and the Son have a wonderful, loving, cooperative personal relationship. Rather, what we see in the gospels would really amount to a single individual (God) talking to, relating to, and cooperatingwith himself in different roles, much as a human suffering from multiple personality disorder or a very versatile actor does. This is a terrible reading of the New Testament, which is why nearly all Christians have always (at least in their clear-headed moments) rejected modalism. The trinitarian interactions therein are not to be thought of as divine delusion, pretending, or deceit.

Men det som verre er, dersom modalismen er sann, så vil det å “få del i guddomleg natur” og det at vi skal “vera eitt slik som [Faderen og Sonen] er eitt,” bety at vi skal “smelte saman” med Faderen, Sonen og Anden, og gå opp i ein “større samanheng,” lik ein vassdråpe i havet. Men det er ikkje kristen lære, det er buddhisme.

Difor trur eg lære om Treeininga er “best.” I 5Mos 6:4 kan vi lese Shema, den Israelske truvedkjenninga: “Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.” På hebraisk står de; “Shema Yisrael: Adonai Eloheinu, Adonai Echad.”

Elohim, som Eloheinu er tatt frå, er fleirtalsforma av El, “Gud,” og utelukkar ikkje mangfald i Guddomen. Men det interessante ordet er echad, som er omsett til “éin.” Strong’s Concordance with Hebrew and Greek Lexicon forklarer at echad betyr “properly, united, i.e. one; or (as an ordinal) first:—a, alike, alone, altogether…”

Du finn det også i 1Mos 2:24 (“…dei to skal vera eitt [kjøt]”), 1Mos 11:6 (“…eitt folk…same tungemålet.”), 1Mos 34:16 (“…eitt folk.”), 2Mos 24:3 (“…svara dei samrøystes”), 4Mos 13:23 (“…ein drueklase”), Jer 32:38-39 (“…éin hug…éin veg…”). Ordet som betyr “åleine,” “eianste,” yachid, blir aldri i Bibelen brukt om Gud.

Når Kristus siterer Shema (I gresk omsetjing) står det: “Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin.” (Mark 12:29) Det greske ordet for “éin,” eis/heis er også brukt i Joh 10:30 (“Eg og Faderen er eitt”) og i John 17:11 (“så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.”).

Så, dersom Gud er treeinig, så betyr det at vi blir Hans born at vi får del i Hans liv, i “den guddomlege dans,” som enkelte kallar det. Men modalismen blandar dette saman i ei stor “suppe.” Då avsluttar eg med å sitere eit vers frå Shakespeares vakre dikt “The Phoenix and the Turtle”. Det handlar om kjærleiken mellom to, men kan også brukast om kjærleiken mellom dei evige tre:

So they loved, as love in twain
Had the essence but in one;
Two distincts, division none:
Number there in love was slain.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s