Bøn — kva er det eigentleg?

For ei tid tilbake deltok eg i ein samtale omkring bøn, og dette inspirerte meg til å skrive nokre korte refleksjonar om temaet her i bloggen. For meg har bøn hovudsakleg tre “funksjonar”:

  1. Samtale med Gud (og kanskje med andre kristne)
  2. Felleskap
  3. Tilbeding

La oss no sjå på desse (som alle overlappar til tider):

Samtale

I ei bøn kan ein — om enn i monologform — ha ein samtale med Gud. Ein kan leggje ut om problema sine, omtrent som ei dagbok (utan ein skal da den metaforen for langt). Slike samtalar kan ein også ha med andre, gjennom å be i lag, og gjennom å be for kvarandre. Og dette leier meg til neste del:

Fellesskap

Bøn er ikkje primært å be om å få ting, det er fellesskap med Gud, og med dei heilage. Her blir eg nok litt katolsk av meg, og eg meiner at ein kan be kristne som er “sovna inn i Kristus” om forbøn. Dei er ikkje døde, men lever i Kristus (Rom 8:38f, Gal 2:20, Mark 12:27, Luk 20:38). Gjennom bøna pleier ein fellesskapet — kommunionen — med Gud, og med våre medkristne. Les denne teksten om forbøn frå “dei døde.”

Tilbeding

Når Kristus lærer læresveinane — og dermed også oss — å be, så seier han (Matt 6:5-13; 1978/85-omsetjinga):

Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. Difor skal de be såleis:

Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.

Kva handlar Herrens bøn primært om? Jo, den handlar eigentleg om tilbeding av Gud, av vår Skapar og Herre. Fyrst seier vi kven vi ber til, og seier at det er Han, som er vår Far som er i himmelen. Deretter ber vi om at Hans namn må helgast (kva det inneber, er det diskusjon om). Så ber vi om at Hans rike skal komme, og at Hans vilje skal gjelde. Deretter kjem det tre bøner som omhandlar noko vi ber om: det daglege brødet, forlatinga av synda, og frelse. Men dette kan også handle om tilbeding, for vi kan ære Gud ved å faktisk hjelpe folk til å få sitt daglege brød, vi kan fortale andre deira skuld, og vi kan hjelpe andre i freisting og til frelsa. Og dette gjer vi fordi riket er Guds eige, det er Han som har makte, og det er Han som, har all ære i all æve.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s