Festen for Kristi lekam og blod — Corpus Christi

Tekstane for Corpus Christi er 2Mos 24:3-8, Hebr 9:11-15 og Mark 14:12-16.22-26. Lat meg sitere teksten frå GT, samt siste del av evangelieteksten:

Då Moses kom og bar fram for folket alle Herrens bod og alle lovene, svara dei samrøystes: “Alle dei bod Herren har gjeve oss, vil vi halda.” Så skreiv Moses opp alle dei orda Herren hadde tala. Morgonen etter stod han tidleg opp og bygde eit altar tett attmed fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene. Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren. Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret. Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: “Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.” Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: “Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.”
(2Mos 24:3-8)
Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: “Ta imot, dette er min kropp.” Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det. Og han sa til dei: “Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange. Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.”
(Mark 14:22-25)

I fylgje artikkelen om Corpus Christi på katolsk.no var det den sæle Juliana av Mont Cornillon (av Liège) som — forutan Kristus — var bakgrunnen for denne festen. Det står at ho, frå 1209, ofte fekk ein visjon der ho såg ein fullmåne med eit lite stykke som var avbrote. I ein seinare visjon fekk ho vite at denne avbrotne delen var denne festen, ein mangla ein fest for Herrens lekam i kyrkjeåret.

Dette er ein fest der vi ærar Gud som vart menneske. I Joh 1:14 står det at “Ordet vart kjøt,” at Den andre personen i Treeininga tok på seg ein menneskeleg natur, med kropp og sjel. Og Han — Gud og menneske i hypostatisk foreining — ordna frelsa vår, og innsette den nye pakta. I den gamle pakta, som vi kan lese om i 2Mos 24, ser vi at Moses skvette offerblod på folk, og sa: “Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.” Den gamle pakta vart altså innsett med blod. Men problemet er dette: dette var blod av dyr, og “blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder.” (Hebr 10:4) Men Kristus ordna den nye pakta der han ofra sitt eige blod, paktsblodet, slik at vi verkeleg kunne verta frelst. Grunnen til dette er at det ikkje berre er snakk om reinsing frå synd (eller tilgjeving av den). Nei, frelsa, Kristi nåde, er at Han “for [vår] skuld vart fattig då han var rik, så [vi] ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor 8:9) Fattig og rik er her eit bilete på det guddomlege og det menneskelege. Slik eg ser det, handlar det som at “Gud vart menneske for at mennesket skulle ha del i guddomleg natur,” for å kombinere Athanasius og Peter (2Pet 1:4).

Men det mest interessante kjem dersom vi les vidare i teksten frå 2. Mosebok 24. I v. 9-11 står det:

Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

Dei “skoda Gud, og dei åt og drakk.” Er det ikkje dette vi gjer i nattverden? Når vi et alterets sakramente så et vi Gud, vi et Kristi lekam og blod, og får difor del i Hans liv, vi har fellesskap — kommunion — med Gud. Og dette er det grunn til å feire!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s