Inga frelsa utanfor Kyrkja?

Ifrå kyrkjefedrane har vi uttrykket “ingen frelse utanfor Kyrkja.” Kva betyr eigentleg det? Betyr det — som mange eg har diskutert med ser ut til å påstå — at alle som ikkje er kristne kjem til å gå fortapt? I Den katolske kyrkjas katekisme, § 846-847 står det (omsett til nynorsk):

Korleis skal ein forstå denne påstanden som kyrkjefedrane så ofte gjentar? Positivt uttrykt betyr den at all frelse kjem frå Kristus, hovudet, gjennom Kyrkja som er Hans lekam:Med støtte i Den Heilage Skrifta og i Tradisjonen lærer kyrkemøtet at Kyrkja, i den skapnad den vandrar i her på jorda, er nødvendig for frelsa. For Kristus åleine er mellommannen og vegen til frelse, og Han blir nærværande for oss i sin lekam som er Kyrkja. Ved uttrykkeleg å påpeike naudsynet av trua og dåpen har Han samstundes fastslått Kyrkjas naudsyn, for gjennom dåpen trer menneska inn i Kyrkja som gjennom ein port. Difor skulle de menneska ikkje kunne frelsas som, til trass for sin kunnskap om at Den Katolske Kyrkja er grunnlag av Gud ved Jesus Kristus som naudsynt, likevel har nekta å tre inn i den eller å bli i den.

Det utsagnet angår ikkje dei som, utan at det kan vere tale om feil frå deira side, er uvitande om Kristus og Hans Kyrkje:

For de som uforskylda er utan kunnskap om Kristi Evangelium og Hans Kyrkje, men som ikkje desto mindre søkjer Gud av et oppriktig hjarta, og under nådens innskytingar prøver å leve etter Hans vilje slik dei erkjenner den ved sitt samvit, kan nå fram til den evige frelsa.

Denne passasjen er kanskje litt hard mot folk som kjenner til DKK, men somn likevel er protestantar (men så er vel mange av angrepa mot DKK hakket verre enn dette). Eg tolker likevel protestantane inn i den siste passasjen, då mange ikkje kjenner til DKK, og då utsagnet frå Kyrkjefedrane vart uttrykt i ei tid der dei store skillene endå ikkje var komne (mellom aust og vest, katolikk og protestant, etc.).

Dette beskriv vel eigentleg saka ganske godt, men folk — kanskje spesielt andre kristne — vil ha klare ting frå Bibelen, som dei då påstår fordømmer folk som ikkje er kristne. Men her vil eg nett sitere nokre bibelstader, som teikner eit litt anna bilete:

Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna. (1Tim 2:1-4)Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held i hans høgre hand… For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn, endå du ikkje kjende meg. Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg spente beltet om livet på deg, endå du ikkje kjende meg, så dei skal vita både i aust og vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan. (Jes 45:1a.4–5, det er vel ikkje noko grunn til å tru at Kyrios nokon gong høyrde desse orda)

Er de, israelittar, meir for meg enn Nubias søner? lyder ordet frå Herren. Eg førte Israel opp frå Egypt, men også filistarane frå Kaftor og aramearane frå Kir. (Amos 9:7)

Frå lengst i aust til lengst i vest er mitt namn stort mellom folkeslaga. Alle stader brenner dei reine offer som dei ber fram for meg; for mitt namn er stort mellom folkeslaga, seier Herren, Allhærs Gud. (Mal 1:11)

Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ (Apg 17:26-28)

For når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten skuldar dei eller forsvarar dei. (Rom 2:14f)

— Kjetil Kringlebotten

5 comments on “Inga frelsa utanfor Kyrkja?

  1. Ståle says:

    Jeg var ikke klar over den snutten i Malaki, dette var interessant.
    Pater Aage Hauken har skrevet flere glimrende bøker om dette temaet (Guds universelle frelsesplan, hellige hedninger osv.). For eksempel “Om det katolske” og “Den guddommelige åpenbaring”. Anbefales på det sterkeste!

  2. Eg har lest begge to. Stor fan av Hauken. Han er prest på Voss, ca. 40 min. med tog/bil frå der som eg bur (midt mellom bergen og voss).

    mvh

  3. Andreas says:

    Maa “Kirken” nödvendigvis väre identisk med DKK? Hva med de som kjenner og praktiserer katolske läre men som av forskjellige grunner ikke er i kommunion med Roma? Eller ortodokse?

  4. Eg sa i frå i posten at eg tolka andre kristne inn i dette også. Dei ortodokse er jo også til ei viss grad i kommunion med DKK.

    Og så nemnte eg at dette utsagnet frp kyrkjefedrane vart sagt før det store skisma.

    mvh

  5. ahauken says:

    hallo der!!
    takker for gode anbefalinger – jeg publiserer mer på min hjemmeside fra nå av:
    http://www.aage-hauken.net
    beste hilsener fra hauken

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s