Sekter og gateevangelisering

Laurdag 17. juni 2006 fekk eg — på gata i Bergen — ein lapp i handa frå ein gateevangelist. Eg kasta ikkje lappen, men tenkte at dette hadde vore interessant å blogge. Og det skal eg gjere no, ved å gå gjennon heile lappen, som har tittelen “Livets viktigste spørsmål.”

Min venn, jeg stiller deg livets viktigste spørsmål: Er du frelst? Født på ny?

Dette spørsmålet er i og for seg interessant, men svært avslørande om kva teologi (ja, teologi) som ligg bak. Frelsa er ikkje ei eingongshending der ein brått blir frelst, men ein prosess der ein gradvis går nærar Gud, og nærare “urbiletet.” Paulus skriv i 2Kor 3:18 (eit vers som eg aldri har sett sitert av pinsekarismatiske, sjølv om det handlar om Heilaganden): “Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.” (1978/85-utgåva)

Ingen kirke, ingen gode gjerninger kan frelse deg, men bare Jesus Kristus.

Dette er rett, men det er formulert på ein slik måte at det også er ei blank løgn. Kristus stifta ei Kyrkje, “søyle og grunnvoll for sanninga” (1Tim 3:15), og det er i hovudsak innanfor den at frelsa skjer (dette skal sjølvsagt ikkje tolkast fundamentalistisk). Vidare blir Jakob — som vanleg — ignorert. Han skriv: “Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelse han? Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beintfram død.” (Jak 2:14-17)

Jesus sa til teologen Nikodemus: Dere må bli født på ny! Joh. ev. 3:7.

Dette var det mest avslørande ved heile lappen. Det baserer seg på eit par ting: 1) At teologar er dårleg, at teologi — som er læra om Gud — er noko dårleg og ugudeleg. 2) At dei som gav meg denne lappen ikkje har noko teologi. Begge to ting er usant og naivt.

Frelsesvegen er enkel. Du kan bli frelst i dag.

Nei, dette er berre dumt. Ja, om frelsa er å ta imot Kristus, og du blir frelst der og då, så kan ein kanskje seie at frelsesvegen er “enkel” (er det verkeleg mange som har hatt det svært enkelt på vegen til den erkjenninga?). Men her ser ein den feilaktige samanblandinga av frelse og omvending/atterføding. Det sistnemnte kan skje i eit nu (vegen opp til den er nok vanskeleg). Frelsa, derimot er eskatologisk av karakter. Dvs. at frelst er du når du er kommen til himmelen, og har fullstendig fått “del i guddomleg natur,” som det heitte hjå Peter (2Pet 1:4). Kristus sa også ifrå at dette vart vanskeleg: “De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg,” seier Han. “Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større en herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.” (Joh 13:13-16) Han legg till litt seinare: “Kom ihug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfølgt meg, vil dei forfølgja dykk òg.” (Joh 15:20). Å seie at frelsesvegen er “enkel,” er naivt, feilaktig, og eit hån mot dei kristne som bli forfylgde ute i verda.

For å kunne bli frelst, må du først og fremst erkjenne at du er en synder. Det er ikke en rettferdig; alle har syndet og står uten ære for Gud. Rom.3:10,23.

Eg kan ikkje berre kritisere, for dette er sant og rett. Men eg vil presisere litt. Kva er synd? Jo, synd er å bomme på livsmålet. Ordet synd er eigentleg ei dårleg omsetjing. Det kjem av tysk, og betyr “separasjon.” Men det greske ordet som er brukt i Bibelen er tatt frå bueskyttarsporten, og betyr “å bomme på målet.”

Men Gud elsker deg så høyt at han ga sin eneste Sønn, Jesus Kristus, som din stedfortreder. Han bar din synd og døde i ditt sted, og Han stod opp fra de døde den tredje dag. Derfor kan du bli gjort rettferdig ved å tro på Ham. Med hjertet tror en til rettferdighet, og med munnen bekjenner en til frelse. Rom 10:10. Din sjel er mere verdt enn hele verden. Hvis du taper din sjel, mister du himmelen.

Dette er både sant og usant. Han tok på straffa vår — konsekvensane av vår synder. Han bar dei heile livet, levde som eit menneeske. “Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort.” Men Straffa var/er ikkje ei straff som Gud tømmer ut over sin eigen Son (eller oss). I boka Over håpets terskel skriv avdøde pave Johannes Paul II (s. 81) at fortapinga ikkje er noko anna enn mennesket si “definitive avvisning av Gud.” Fortapinga er eigentleg sjølvdestruksjon, ein straffar seg sjølv. Eg meiner også at fortapinga er i Guds nærvær (les her, samt ein tekst som eg snart skal publisere). Vidare er det slik at rettferdgjeringa er ikkje berre av tru, men også av gjerningar. “Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar, og ikkje berre ved tru,” skriv Jakob. “På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg? For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.” (Jak 2:24-26).

Her vil eg leggje til nokre tankar. På lappen vart Rom 10:10 sitert. Her står det at “med hjarta trur vi…” I bloggposten eg publiserte 16. juni skreiv eg om at mennesket består av hovudet (det åndeleg-rasjonelle, ofte kalla “hjarta”), brystkassen (sjela og viljen), og magen (lystene, driftene og instinkta). Eg siterte C.S. Lewis: “As the king governs by his executive, so Reason in man must rule the mere appetites by means of the ‘spirited element’. The head rules the belly through the chest—the seat, as Alanus tells us, of Magnanimity, of emotions organized by trained habit into stable sentiments. The Chest-Magnanimity-Sentiment—these are the indispensable liaison officers between cerebral man and visceral man. It may even be said that it is by this middle element that man is man: for by his intellect he is mere spirit and by his appetite mere animal.”

Vi trur med ånden, men dersom eit menneske verkeleg er eit menneske, dersom det ikkje har “mista si sjel,” og har blitt eit “menneske utan brystkasse,” så vil det som Ånda trur bli gjeve til sjela, og utført av kroppen. Altså, dersom ein trur med hjarta, så vil ein tru med kroppen også. La oss gå vidare.

Fangevokteren i Filippi spurte Paulus og Silas: Hva skal jeg gjøre for å bli frelst? De sa da: Tro på den Herre Jesus, så skal du bli frelst; du og ditt hus! Ap.gj. 16:30-31. Bare tro på Ham som bar din synd og døde i ditt sted. Deretter må du påkalle ham. For hver den som påkaller Herrens navn, skal bli frelst. Rom. 10:13.

Ingen ekstra kritikk her. No hopper eg litt nedover lappen, fordi eg denne bloggteksten ikkje skal bli for lang, og fordi det ikkje var noko å kritisere der.

Han som frelser deg, vil også bevare deg. Etter at du har åpnet ditt hjerte for Jesus og blitt frelst (sic), er det fire ting som du bør akte på om du skal bli bevart og vokse i ditt gudsliv: Bønnen, bibellesingen, vitnesbyrdet og samfunnet.

Protestantisk pinsekarismatisk minimalisme på sitt aller verste: For å bli frelst, så er det altså fire ting eg bør gjere. Fire ting?! I Gal 2:20 seier Paulus: “Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg.” Kristus er vårt liv! Det er altså ikkje fire ting vi bør fokusere på; vi bør fokusere på alt. Vi skal leve som “salt og lys” (Matt 5:13-16), vi skal vere kristne — “små Kristusar.”

Det er derfor [på grunn av de fire ting] viktig for deg at du finner deg en Jesus-sentrert menighet.

Vi skal altså finne ein “Jesus-sentrert kyrkjelyd.” Dette er sant og rett, men sett ut frå kva dei elles skriv på lappen, så trur eg at definisjonen min er svært annleis enn deira. Eg trur at Kristus stifta ei kyrkje som er “søyle og grunnvoll for sanninga” (1Tim 3:15). Denne kyrkja har ein teologi, og innrømmer det.

Om du ønsker det, er du hjertelig velkommen til Victory Familie Menighet

Ja, altså var dette berre reklame for enno ei ny sekt. Kyrkja skal vere verdsvid. Denne forsamlinga er vel knapt nok bergensvid…

Til slutt vil eg leggje til ein kommentar om gateevangelisering: Eg liker det ikkje i det heile! Frelsesarmeen liker eg, men den har gjennom lang tid oppretta seg eit godt rykte, og går den rette vegen, suppe, såpe, frelse. Men gateevangelisering av den typen eg vart utsett for, verkar nærast alltid mot sin hensikt. Den er ofte basert på simplistisk teologi (ja, teologi), og dei som utførar den gjev deg berre ein lapp og går bort. Det er ikkje noko gjeringar som fylgjer med. Det er ikkje noko suppe og såpe, men berre ein lapp der det står at om du vil bli frelst, så skal du vite at du må tru på Gud (dette er sjølvsagt enkelt, ingen vanskar der), og så må du ta kontakt med ein “Jesus-sentrert kyrkjelyd,” helst den som gav deg lappen. Takk, men nei, takk.

— Kjetil Kringlebotten

4 comments on “Sekter og gateevangelisering

  1. Anonymous says:

    Heisann,

    En svært lang post dette, så jeg rekker ikke å kommentere hele nå, men bare et par ting.

    1) Du skriver at frelsen ikke er en engangshendelse, men en prosess.

    Jeg er delvis enig/uenig. Når et menneske først får en ekte tro på Jesu Kristi frelsesverk, og deretter ifølge Bibelen bekjenner denne troen med sin munn, så er han ifølge Bibelen frelst.

    Men, la meg legge til: dersom han forblir i troen. Om han forblir i troen vil det vise seg i hans gjerninger (hans liv) om han er frelst eller ikke. Treet (den kristne) må bære frukt, og det vil bære frukt dersom det er podet inn på stammen (Kristus).

    Frelsen, den nye fødsel er en prosess, men denne prosessen ender i at man bilr født på ny (et barn er jo ikke for alltid i prosessen av å bli født). På et eller annet tidspunkt skjer fødselen, og den skjer i dette livet, ikke i himmelen. Deretter må vi som Peter sier legge til vår tro, dyd, skjønnsomhet osv. og vokse opp til en fullkommen manns skikkelse.

    Etter den nye fødsel (sjelens frelse) må vår ånd helliggjøres, og denne levende troen som vi har etter å ha blitt født på ny vil produsere gjerninger som Jakob sier.

    Legemets frelse er det siste som skjer, når forvandlingen av disse korrupte legemene skjer.

    2) Du skriver at du ikke liker gateevangelisering.

    Det Paulus og Stefanus gjorde var i aller høyeste grad gateevangelisering. Hvorfor misliker du gateevangelisering når apostlene praktiserte dette?

    3) Videre… du skriver at gateevangelisering ofte er basert på en simplistisk teologi, eller mangel på teologi.

    Hvis gateevangelisering handler om å forkynne på gaten, ser vi at den første menighet bedrev dette. Var de basert på en simplistisk teologi? Manglet Paulus teologi? Eller Stefanus? Eller Peter?

    Det virker på meg som om det er formen på forkynnelsen (altså om den skjer på gaten eller bak en talerstol eller i en kirkebygning) som skal være utslagsgivende for om forkynneren har teologi eller ikke.

    Enhver menighet som ikke har teologi er for meg en menighet uten ryggrad. Læren er menighetens ryggrad. Uten teologi/lære driver den bare rundt uten anker.

    Til slutt vil jeg si. Jeg er frelst av nåde ved tro, men jeg er fremdeles i prosessen av å stadig bli helliggjort og å vokse mot fullkommenhet ifølge Efeserbrevet 4 og 2. Peter. Jeg er sikker på mitt bestemmelsessted. Jeg håper du også er det.

    Jeg gjør ikke gjerninger (bærer frukt) for å bli frelst, men fordi jeg er frelst.

    Erlend (Lance/Joshua)

  2. Erlend/Lance, nokre korte kommentarar:

    1) Du skriver at frelsen ikke er en engangshendelse, men en prosess.

    Ja, og det meiner eg (til ei viss grad). Eg meiner at prosessen ikkje berre er “frukter av frelsa,” men faktisk sjølve frelsa. Platon og Aristoteles (som sa mykje klokt, men også mykje eg ikkje er einige med), sa at å vere lukkeleg (eig. sæl) bestod i å vere god, i å vere dydig. Men eg er stort sett einig. Eg er derimot ueinig i at sjela blir frelst før ånden. Ånden er det styrand prinsipp i mennesket, nokon gonger kalla “ånd,” gr. pneuma eller nous (åndeleg intellekt), andre gonger “hjarta,” gr. kardia. C.S. Lewis snakka om mennesket som “hovud, brystkasse og mage,” eller “ånd, sjel og lekam,” og sa at “The head rules the belly through the chest.” Grunnen til at han brukte magen (“the belly”) som metafor for driftene trur eg ein finn hjå Paulus, Rom 16:18 og Fil 3:19.

    2) Du skriver at du ikke liker gateevangelisering

    Det Paulus og Stefanus gjorde var i aller høyeste grad gateevangelisering. Hvorfor misliker du gateevangelisering når apostlene praktiserte dette?

    Eg kunne kanskje vore tydlegare: dersom du står og preiker på eit “speaker’s corner,” er det heilt greit. Det eg misliker er folk som går bort til deg, gjev deg ein lapp og stikk av. Ofte er det som står på lappen av direkte dårleg kvalitet, og verkar meir som ein reklame for den aktuelle forsamlinga enn som ein “invitt til frelse.” Eg får ikkje sjå nokon av fruktene av deira arbeid på den måten.

    3) Videre… du skriver at gateevangelisering ofte er basert på en simplistisk teologi, eller mangel på teologi.

    Hvis gateevangelisering handler om å forkynne på gaten, ser vi at den første menighet bedrev dette. Var de basert på en simplistisk teologi? Manglet Paulus teologi? Eller Stefanus? Eller Peter?

    Ja, eg sa at gateevangelisering ofte er basert på simplistisk teologi. Og det står eg ved. Paulus var trent i lova, det same var nok av av Kristi disiplar (til ein viss grad). Mykje av den moderne gateevengeliseringa baserer seg på lausrivne bibelvers skrive ned på ein lapp, og gjeve til folk. Det er ikkje forkynning slik dei fyrste kristne gjorde det.

    Ikkje les meir inn i noko enn det som står. Eg har ikkje sagt at Paulus hadde dårleg teologi, men det har “Victory Familie Menighet” til dei grader.

    mvh

  3. Anonymous says:

    Hei Kjetil,

    Hvis jeg nå har forstått deg rett, stemmer det at du egentlig ikke er motstander av gateevangelisering, men av å dele ut traktater?

    mvh Erlend

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s