Ireneus av Lyon

I dag, 28. juni er det minnedag for Den heilage Ireneus av Lyon. Ein reknar med at han vart fødd ein gong mellom 125 og 130 e.Kr. i Smyrna i Vesleasia (Izmir i Tyrkia for oss), og han vart seinare biskop i Lyon i Frankrike.

Ireneus (eller Irenæus) var inspirert av Den heilage Polykarp av Smyrna, som påstod at han var disippel av apostelen Johannes. Då er det kanskje ikkje så rart at det var kampen mot gnostisismen som var Ireneus si hovudoppgåve. Han skreiv mange skrifter, og det kanskje mest kjente var hans verk Mot kjetteria (Adversus Haereses). Der tok han eit kraftig oppgjer med gnostisismen, ei tru som eg sjølv har vore fascinert av, men som eg har innsett er svært — og då meiner eg SVÆRT — elitistisk. Men det skal eg ikkje diskutere her.

Eg vil berre bruke denne dagen til å minne om Ireneus, denne geniale teolog og biskop.

Skål for Ireneus!

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s